Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Berbar innført som skriftspråk

 (16.12.2003)

Melding frå Norsk Tidend. 16.12.03. Historisk sett skulle flesteparten vere berbarar i Marokko, sjølv om det er mange i dag som oppfattar seg sjølve som arabarar.

Marokko har om lag 30 millionar innbyggjarar. Det finst ikkje pålitelege tal som kan gi opplysning om kor stor del av befolkninga som har berbar som talemålet sitt, eller som opphavleg er berbarar. På 700-talet invaderte rundt 200 000 arabarar Nord-Afrika. Desse kan umogleg ha laga arabarar av millionar av berbarar, som ein forkjempar for berbisk språk og kultur uttrykte det. Men gjennom språket har berbarane blitt arabiserte.

Fram til no har opplæringsspråket i skulen vori arabisk (som også er det offisielle språket i Marokko), trass i at morsmålet til eit stort tal marokkanarar er berbarspråket. Det er mange som berre kan berbarspråk.

Når ungane frå heimar med berre berbisk som talemål byrjar på skulen, blir dei møtte med arabisk som opplæringsspråk. Det seier seg sjølv at dette er eit stort problem for desse ungane. Undervisninga blir for dei heilt uforståeleg, og det tek tid å komme i gang med vanleg læring når ein først skal lære eit heilt nytt språk. Hjelp i heimen får dei heller ikkje, sidan dei kjem frå berbartalande familiar. Dette gjer noko med sjølvkjensla til ungane og sjølvkjensla til den berbartalande befolkninga i det heile.

Den fransk-arabiske overklassen i Marokko har i alle år gått inn for følgjande standpunkt: ved ikkje å gi undervisning i berbarspråk, og ved å undertrykkje den berbiske kulturen, ville berbarkulturen døy ut av seg sjølv. Og denne opphavlege kulturen i Marokko har til no mest vori framstilt som ein kuriositet for turistar.
I mange år har derfor intellektuelle grupperingar arbeidd for å få berbisk kultur og språk inn i skulen slik at berbarane skulle få kunnskap om historia si og faktisk få undervisning på morsmålet sitt. Det har vori store motsetnader mellom «arabarar» og «berbarar», og i visse krinsar har dei vori redde for at motsetnadene skulle bli større viss berbarane fekk gjennomslag for at det skulle undervisast i berbar i skulen.

Språket er ein del av identiteten til marokkanarane. Derfor må ein lære ungane samanhengen mellom berbarspråk og -kultur. For at ein skal kunne vere stolt av å vere berbar, må ein kunne vise til eit skriftspråk samt ein berbarkultur som er levande. Når det i tillegg er såpass mange analfabetar i landet, dei har for det meste berbar som talemål, er det heilt klart at opplæring i berbisk i skulen har mykje å seie for desse gruppene. Til no har det vori nokre få minutt om dagen med nyheiter på berbar i radioen (sidan 1994), men ein kan håpe at det blir meir vanleg med berbar i media, både i tv, i radio og i aviser.

Ved markeringa av toårsdagen for innsetjinga av Kong Mohammed heldt kongen ein tale der han lova å godkjenne opprettinga av «The Royal Institute for Amazigh [berbar] Culture». Kongen sa at berbarkulturen var ein nasjonal skatt og at instituttet skulle ta vare på berbisk kulturarv og samarbeide med utdanningsdepartementet om opplæring i berbarspråk.

Hausten 2003 har dei starta opplæringa i berbar ved om lag 300 skular rundt om i Marokko. Dette er ein stor siger for dei som har brukt mange år av livet sitt til å arbeide for berbarspråk og -kultur. Dei fleste marokkanarane er trass alt berbarar, men dei har vori undertrykte av den arabiske kulturen opp gjennom tidene.

For å handtere opplæringa av berbar i skulen, har utdanningsdepartementet i samarbeid med Instituttet for Amazigh-kulturen laga treningsprogram for lærarane som skal undervise i berbar. Regjeringa lovar at innan 2010 skal alle ungar i skulen bli underviste i berbisk språk og kultur. Dette er ei historisk hending i Marokko og The Royal Institute for Amazigh Culture (IRCAM) gjer og har gjort ein fantastisk jobb for folket sitt.

Kanskje ein kunne trekkje ei samanlikning til Noreg ved å seie at det skal leggjast stor vekt på undervisning i norsk kultur i samband med opplæring i bokmål og nynorsk. Det er lett å gløyme at språk faktisk også handlar om identitet og kultur.

Det går an å ta lærdom av språkkampen i Marokko. Ein kan også kalle det ein kulturkamp: ver stolt av det du kjem frå.



Berit Krogh
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no