Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkbad og sidemål: - La elevane bada i sidemål!

 (15.12.2003)

Melding frå Norsk Tidend. 15.12.03. Ved Vasa universitet i Finland har Christer Laurén stått i spissen for å byggja opp eit omfattande lærarutdanningsopplegg i språkbad-pedagogikk. I denne samtalen med Johan Myking, førsteamanuensis på Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen, fortel Christer Laurén om hovudtankane bak språkbadpedagogikken.

– Sidemålsopplæringa i nynorsk ser ut til å vera altfor prega av formell trening, og dette er ein unaturleg måte å læra språk på, seier Christer Laurén, professor ved Vasa Universitet. Språkbadmetoden byggjer på at elevar med eit majoritetsspråk skal læra minoritetsspråket ved å bruka det aktivt så mykje som mogeleg, og dei vert derfor plasserte i klassar der dei bruker minoritetsspråket aktivt i alle samanhengar, i alle fag og i alle friminutt.

– Språkbad er eit biletleg uttrykk for ein nokså uvand språkpedagogikk i vår samanheng. Kan du forklara bakgrunnen for dette uttrykket?

– Språkbad er ein metode for innlæring av andrespråk der ein etterliknar førstespråkslæringa ved å utsetja borna for store mengder av andrespråket før dei lærer det formelt, derfor altså termen bad. I barnehagen får såleis finskspråklege elevar heile skulekvardagen sin prega av minoritetsspråket svensk. Seinare kjem finsk inn, slik at i femte klasse er undervisninga gjeven halvt om halvt. Vanleg språkpedagogikk går ofte ut på at ein tek til å øva alle dei grunnleggjande dugleikane samstundes, men det er ikkje slik naturleg språklæring går føre seg.

– Finland er eit språkkløyvd land, det same er Noreg. Kva var det som gjorde at Finland trong ein ny pedagogikk for opplæringa i svensk?

– Opplæringa i svensk for elevar med finsk som morsmål fungerte rett og slett ikkje godt nok, og motivasjonen for å læra svensk har vore svært svak i mange finskspråklege miljø. Dette er sjølvsagt svært skadeleg for den finlandske tospråkssituasjonen, og samfunnet trong forbetra resultat og større interesse for svenskopplæring. Vi har funne ein metode som er meir tilfredsstillande for borna. No får dei oppdaga at dei kan noko, dei får oppleva ei glede i å omgåast språket.

Språkbad og drukning
– Det er skilnad mellom ’språkbad’ og ’drukning’?

– Ja, ’drukning’ inneber at minoritetsspråksborn i går majoritetsskule, og då forsvinn førstespråket fort. Slik drukning skjer heile tida rundt om kring, det veit vi godt frå alle fleirspråklege samfunn. Målet er at elevane skal verta funksjonelt tospråklege – språkbad er ingen strategi for å fremja språkskifte. Pedagogikken vår har som mål å gje majoritetsborn større evne til å vera fleirspråklege enn dei ville hatt elles.

– Kva er etter di meining den viktigaste grunnen til at denne pedagogikken fungerer så godt?

– Det handlar om meistring. Mitt personlege syn er at språkbad gjev borna høve å oppleva at dei kan noko. Born har ein grunnleggjande rett til å føla at dei lukkast, at dei meistrar noko. Språkbad legg stor vekt på motivasjon: Dersom ein greier å få tak på borna sin motivasjon, så skaper borna underverk, og det er borna sjølve som skal skapa resultata.

– Er dette dermed ein meir elevsentrert metode enn andre metodar?

– Ja, i den meining at læraren ikkje skal syta for all kommunikasjonen. Elevane skal sjølve overta og kommunisera seg i mellom og med verda utanfor, derfor må læraren finna seg i å endra rolle. Men ’alle’ metodar er jo elevsentrerte, og ein må presisera kva ’elevsentrert’ eigentleg er.

– Ja, kva er det læringsteoretiske og språkteoretiske grunnlag for denne pedagogikken – kva slags språkomgrep byggjer han på?

– Språkbad byggjer på det same språkomgrepet som mellom anna Mikail Bakthin og psykologen Jerome Bruner står for – språket er først og fremst dialog og kommunikasjon, ikkje formaltrening og abstraksjon. Språkbad byggjer derimot ikkje på det synet som mellom anna Chomsky står for, at språkevna er noko biologisk som utfaldar seg uavhengig av om borna møter språk i miljøet rundt seg eller ikkje.

Språkbad i praksis
– Korleis får ein då språkbad til å fungera i praksis, og kva er det som gjer at dei endringsprosessane du nemner, kan komma i gang?

– Det viktigaste er rett og slett å ta til tidleg! I Finland går språkbadet gjennom heile grunnskuleperioden, ein tek til med fem-åringane. Det er pedagogisk bra å ta til med små born, då kan og må ein vera konkret, og det er ein jo i når ein snakkar om matematikk og naturfag. Tek ein til med eit framandspråk på seinare alderssteg, må læraren vera meir abstrakt, og vi veit jo alle at elevar ofte opplever dette som kjedelegare. I barnehagen kan ein ikkje tala om språket, det vert for abstrakt. Faget må tvert om kjennast som kognitivt viktig for eleven, det må handla om ting eleven synest er spennande. Elevane er nemleg ikkje dumme – dei innser at språk er noko meir enn grammatikk, og dei vil ha noko ekte. Derfor må elevane bruka språket både om andre skulefag, og om det som skjer i pausar og friminutt. Det er alltid ein avgrensa del av elevane som greier å snakka om språk ut frå formelle og metaspråklege synsvinklar. Men alle greier å bruka språket når det handlar om noko spennande, og det er dette ein må ta tak i og ta til med.

– Denne pedagogikken verkar ideell og vakker. Men har han ført til konkrete resultat og slike endringar som samfunnet treng?

– Det er godt dokumentert gjennom internasjonal forsking at meistringa av morsmålet vert betre. Det «sjokkerande» er nemleg at språkbad ikkje berre lettar innlæringa av andrespråket, altså svensk i Finland. Pedagogikken verkar òg tilbake på førstespråket! Dette kan vi berre forklara med at borna har møtt eit anna språk tidleg, og at dei derfor er i stand til å observera språket meir raffinert.

– Men når vi veit at motivasjonen for svensk har vore så låg, så må det då ha vekt motstand at små finskspråklege born vert plasserte i klassar der alt skal gå føre seg på svensk?

– Nei, motstanden har vore liten, det einaste er at byråkratane har vanskeleg for å tru på at førstespråket, finsken, òg vert betre. Men undersøkingar vi har gjort, tyder klårt på det, og foreldrehaldningane er svært positive. Innlæringa av andre skulefag vert lettare, kanskje fordi læraren må vera meir konkret. Vi ser òg at gutane vert like gode i språk som jentene, fordi dei får bruka sine motoriske evner på ein annan måte enn i tradisjonell, stillesitjande språkpedagogikk. Og ikkje minst: Vi har funne at språkbad aukar evna til å læra nye framandspråk. Elevar som er utsette for språkbad, misser redsla for nye språk, og dei har lært å læra.

Fleire språk i eitt land
– Ja, men krev ikkje dette at folk har eit positivt utgangspunkt? Det er jo ikkje sjølvsagt at folk meiner det er positivt at eit land har fleire språk!

– Mange ser at ungane kan få ein rakettstart dersom vi tek utgangspunkt i den tospråkssituasjonen som landet faktisk har. Eg er ikkje i tvil om at den sterke framgangen språkbad har hatt i Helsingfors, kan forklarast slik. Foreldra er opptekne av at språk gjev auka kulturell kompetanse, og det opplever dei som ein ressurs.

– Dette verkar enkelt i Finland, for alle ser jo at finsk og svensk er så grunnleggjande ulike at folk ikkje kan forstå kvarandre utan opplæring. Men det verkar ikkje like opplagt at nordmenn skulle ha eit slikt positivt utgangspunkt. Nynorsk og bokmål er innbyrdes lett forståelege, derfor meiner jo mange nordmenn at nynorsken ikkje trengst i det heile.
– Ja, den norske tospråkssituasjonen skil seg frå den finlandske, men dette handlar slett ikkje berre om kor like språka er. I Katalonia fungerer pedagogikken svært godt, men det er små skilnader mellom kastiljansk og katalansk, så dette kan jamførast med Noreg.

Sidemålsopplæringa
– Du kjenner norske språktilhøve godt, og du har følgt med i den norske debatten om sidemålet. Kva er hovudinntrykket ditt av den?

– Frå min ståstad er det allmenne inntrykket at sidemålsopplæringa er altfor formalisert og innretta mot grammatikk og rettskriving. Det ville truleg hatt sterkare positive effektar om ein hadde teke til med å gje borna større kontakt med den rike kulturen tidlegare.

– Meiner du med det at opplæringa i nynorsk burde ha vore valfri eller berre ha sikta mot passiv lesing, ikkje aktiv skriving?

– Nei, det meiner eg ikkje. Men det må gjerast noko grunnleggjande med motivasjonen, då kjem interessa for form seinare. Motivering må alltid ta til med innhald, munnleg bruk av språket, lesing. Eg ser ingen grunn til at ikkje den første leseopplæringa for alle norske skuleelevar heilt og haldent kunne ha bygd på nynorske tekstar! Finske elevar lærer å lesa på svensk, og dei vert flinkare å lesa finsk enn finske elevar som ikkje har lært gjennom språkbad. Det same gjeld fransk i det engelskspråklege Canada: Språkbadselevar vert flinkare i å forstå og tolka tekstar. Dette er felles, generelle forskingsresultat, som altså kan gje grunn til å tru at bokmålselevar vert flinkare i bokmål dersom dei får den første opplæringa på nynorsk.

– Men det vert jo hevda både av politikarar og fagfolk at sidemålsopplæringa er ein «tidstjuv» som svekkjer opplæringa i hovudmålet. Det ser ut til at mange meiner at eitt språk alltid øydelegg for eit anna språk, at det ikkje er plass til to.

– Det kjem nok av den einsidige konsentrasjonen om grammatikk. Å setja borna sine i språkbadsskule i Finland, er eit frivillig val av foreldra. Men med tanke på norsk er det ekstra interessant at språkbadpedagogikken støttar både førstespråket og andrespråket samstundes. Det er ei fantastisk løysing, og ein må få foreldra til å forstå at denne tospråklege opplæringa er ein ressurs, slik fleire og fleire har forstått i Finland. Eg meiner vi må få fram at dugleik i språk er ein konkurransefordel på arbeidsmarknaden, «den som kan meir, kan meir»! Dette gagnar majoritetsbarnet ut frå reint egoistiske motiv òg.

– Eg har likevel litt vanskeleg for å skjøna at ein pedagogisk metode i seg sjølv kan endra kulturelle fordommar og skapa større motivasjon, eller kor mykje av desse resultata som metoden skal få æra for. Kan det ikkje rett og slett tenkjast at finskspråklege i utgangspunktet er meir positive til svensk enn bokmålsfolk er til nynorsk?

– Ein metode som verkeleg skaper menneskelege kontaktar alt i barnehage og skule er jo noko meir enn berre ein metode i tradisjonell meining. Det er vel ein tendens i Norden reint allment at vi er pragmatiske og vil sjå resultat? Eg har i alle fall sjølv vanskeleg for å finna nokon meir effektiv metode i dag. Skulesystemet har feila, det har ikkje utfordra og stimulert foreldre og elevar til å læra fleire språk eller innsjå kor stor ressurs det er å kunna fleire språk.

Import til Noreg
– Kva råd ville du då gje dersom norske styresmakter ville prøva ut denne metoden på sidemålsopplæringa?

– I Finland kunne vi visa til erfaringane frå Canada, og det vekte interesse. Det går ikkje an å innretta seg slik at foreldra trur vi utset borna for risiko, derfor må vi bruka dokumentert kunnskap og underbygde metodar. Og så må ein ha etterutdanning av lærarar og oppfølgjande forsking.

– Og kva ville dette krevja av læringsmiljøet?

– Som eg har understreka, er premissen for språkbad at ein får motivasjon gjennom aktiv bruk av det språket ein skal læra. Då må ein ha eit aktivt miljø på andrespråket rundt seg – det må ikkje handla berre om den tida ein er på skulen eller det ein gjer i språktimane.

– Men det er jo det som er problemet i Noreg – over store delar av landet er jo nynorsken heilt usynleg.
– Nynorsk kulturproduksjon er rik. Det finst masse nynorskfolk i Oslo og andre stader, i kulturliv og media. Kall dei inn og bruk dei! Og det finst tydelegvis nok nynorskfolk i Oslo til at forsøk kan setjast i gang. Bruk jungeltelegrafen mellom foreldra for å få dei første forsøka i gang, seinare sel metoden seg sjølv.

– På Holmlia i Oslo har dei sett i gang eit forsøk med utvida bruk av nynorsk, mellom anna med KRL-bok på nynorsk, og elevar i niande klasse seier til Aftenposten Aften at dei likar det. Dei har til og med hevda at nynorsk heller ikkje er vanskeleg for elevar med framandspråkleg bakgrunn. Kva kommentar har du til det?

– Dette forsøket er ein ekte variant av språkbad-pedagogikken, det vi kallar ’delvis språkbad’. Eg er heilt samd med elevane!


Fakta om språkbad:
* Språkbad, på engelsk og fransk ’immersion’, er ein metode som går ut på at born som talar eit majoritetsspråk innanfor eit fleirspråkleg samfunn, lærer eitt eller fleire minoritetsspråk ved å bruka det i praktisk kommunikasjon i større delar av læringsmiljøet enn berre i språkundervisninga. Elevane skal ikkje tapa noko i utviklinga av førstespråket. Målet er å gjera elevane funksjonelt tospråklege, ikkje å integrera dei.

* Språkbad oppstod i Canada på 1960-talet, særleg i franskundervisning for engelskspråklege. Canada vart på den tida offisielt tospråkleg, og offentleg tilsette måtte meistra begge språka.

* Ein liknande metode er brukt i integrering av minoritetar, dette er kalla ’drukning’ (engelsk ’submersion’) og fører ofte til tap av førstespråket. I USA finst det likevel ein meir positiv variant, ’tovegsspråkbad’, til dømes blandingsklassar for engelsk- og spanskspråklege

* I Europa finst det språkbadundervisning i i Nord-Italia (Sør-Tyrol), tysk for italienskspråklege. Metoden er òg brukt for å fremja katalansk i Katalonia .

* Ein skil mellom fleire typar språkbad: ’tidleg’, ’utsett’ eller ’seint’ språkbad på eine sida, ’fullstendig’ og ’delvis’ på den andre sida, og kombinasjonar av desse. Den opphavlege kanadiske typen, som òg er brukt i Finland, er ’tidleg fullstendig språkbad’. Dette programmet tek til i barnehagen, og går ut på at all aktiviteten i barnehagen og det første året i barneskulen skjer på minoritetsspråket.

* Det svenske språkbadprogrammet i Finland vart sett i gang i 1987, og har tyngdpunkt i tospråklege byar og byområde, særleg Helsingfors med omland, Vasa og Åbo.

* Finland har rundt 290 000 innbyggjarar med svensk som morsmål, ca. 5,6 % prosent av innbyggjartalet i landet. Dei viktigaste svenskspråklege områda finst i sør og sør-vest med Helsingfors og Åbo, og i Österbotten med Vasa. Elevar i grunnskulen skal ha opplæring i det motsette språket, det vil seia høvesvis finsk og svensk.

Kjelde: Laurén, Christer. 1999. Spåkbad. Forskning och praktik. Vasa universitet.

* Les meir på nettsida <a href="http://www.uwasa.fi/hut/svenska/centret/index.html">www.uwasa.fi/hut/svenska/centeret</a>

Johan Myking
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no