Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Vi diggar nynorsk!

 (12.12.2003)

Mari, Bianca og Ingrid har denne hausten, saman med ein gjeng entusiastiske ungdomar, starta opp Målungdomen i Oslo (MiO).
– Vi har bokmål som hovudmål, men vil gjerne byte til nynorsk, fortel dei tre.

Sidemålsopplæringa må bli betre. Eg har hatt sidemålsopplæring i fem år og først no skjønnar eg det, fortel Mari Lund Arnem entusiastisk. Dei tre jentene kjem rett frå Målstridkonferanse i Bergen og har delteke på eit eige seminar om rettskriving i nynorsk.
– Vi fekk mellom anna høyre døme frå nynorsken frå mi eiga osloaust-dialekt, seier Mari.
– Det er idiotisk med lærarar som gjer sidemålsundervisninga til noko negativt, legg Ingrid Davidsen til.

Lokallag i Oslo
– Vi starta opp for to månader sidan fordi vi meinte at det trengst eit målungdomslag i Oslo, fortel Bianca Bernhoft Løkkeberg.
– Det er mange fordommar og kunnskapsløyse om nynorsk i Oslo. Difor er det veldig viktig å fortelje kor viktig nynorsken har vore i norsk historie
– Det er mange politikarar som er opptekne av å gjere ting betre om det er noko som ikkje fungerer, men i forhold til sidemålsundervisninga vil dei berre fjerne den. Det tykkjer eg er heilt absurd, seier Bianca.
– Den generelle oppfatninga av nynorsk mellom elevane i Oslo er at nynorsken er unødvendig. Det er nok mange fleire som tykkjer at matte er vanskelegare, men med matte er dei opplærte til at det treng dei å lære. Nynorsk har dei derimot lært at er unødvendig. Desse oppfatningane må vi gjere noko med, seier Bianca.

Mykje aktivitet
– Vi har veldig lyst til å reise på målferd i Oslo, slår Bianca fast. Laget har sett ned fleire nemnder som skal arbeide med ulike emne. Mellom anna har dei sett ned ei skulemålsnemnd som skal arbeide for nynorskklasse på Sagene ungdomsskole.
– I dag er det eit problem at dei som går ut av Sagene skole med nynorsk ikkje held fram med nynorsk på ungdomsskulen. Dette vil vi gjere noko med. I tilegg er det sett ned ei aksjonsnemnd som har hatt ein medieaksjon, og som skal setje i gang ein julekakeaksjon.
– Vi skal lage peparkakehjarte med mellom anna teksten «Eg elskar!», held Bianca fram. Dessutan har dei laga ei rettigheitsnemnd og ei dramagruppa som dei har kalla «Med mål utan meining». Og så skal dei verve medlemer i hovudstaden. Målet er 40 medlemer.
– Vi er i alle fall allereie over 20 medlemer, seier Bianca.

Teksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend.


Målungdomslaget i Oslo er for god sidemålsundervisning. Frå venstre: Mari Lund Arnem (17), Bianca Bernhoft Løkkeberg (17) og Ingrid Davidsen (17). (Foto: Hege Lothe)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no