Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 9. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dom i NMU-saka 17. desember

 (10.12.2003)

Melding. 10.12.03. Domen i rettssaka mot seks tidlegare tillitsvalde i Norsk Målungdom kjem 17. desember. Noregs Mållag ser alvorleg på denne saka, men vil kommentere realitetane fyrst når domen er komen.

Det har nett vore rettssak mot seks tidlegare tillitsvalde i Norsk Målungdom. Saka gjeld overrapportering av medlemer andsynes staten. Også Norsk Målungdom har møtt i retten, av di organisasjonen valde å ikkje vedtake eit førelegg som var skrive ut mot organisasjonen.

Det er verdt å streke under at rettssaka gjeld einskildpersonar og ein sjølvstendig organisasjon, og at Noregs Mållag ikkje er involvert i rettssaka.

Like fullt ser Noregs Mållag særs alvorleg på saka. For Mållaget som organisasjon er det særleg alvorleg dersom overrapportering av medlemer hjå Norsk Målungdom har hatt konsekvensar for politiske vedtak på landsmøtet åt Noregs Mållag (gjennom for stor representasjon frå Målungdomen).

Noregs Mållag har heile tida hatt tiltru til at rettsapparatet vil handsame saka på best mogleg måte. Av respekt for rettssystemet vil Mållaget kommentere realitetane i saka fyrst når domen kjem 17. desember. Då vil òg spørsmålet om eventuelle interne granskingar verte kommenterte.

Den noverande leiinga av Norsk Målungdom kan ikkje koplast til saka om medlemsfusk, og Noregs Mållag har no fått fullt innsyn til medlemslistene hjå Målungdomen.

Aktivistane i Norsk Målungdom har gjort og gjer eit viktig arbeid for nynorsk språk blant ungdom - for tida utan statsstøtte. No fortener Målungdomen full støtte frå gode målfolk.

Endre Brunstad
leiar av Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no