Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Den norske bygda som global aktør?

 (09.12.2003)

Melding. 09.12.03. Kva rolle kan bygda spela i samtida? No har det kome ei ny bok frå Telemarksforsking-Bø gjev von for norske bygdesamfunn! Boka Den Norske Bygda og Den Store Verda, redigert av Dag Jørund Lønning, er eit resultat av ei større forskingssatsing på ein ny bygdeutviklingsstrategi der den særprega lokale kunnskapen er viktigaste ressurs for ny utvikling.

Den kulturøkonomiske strategien, bruk av lokal kunnskap og kultur i stads- og næringsutvikling, vert breitt presentert i denne boka. I boka vert det skapt eit nyvinnande og produktivt rom for bygda i samtida.

Sju forskarar frå det spesielle bygdeforskingsmiljøet ved Telemarksforsking har medverka, og alle er samde om at bygda slett ikkje er «ute». For å nå fram i vår «postmoderne» verd, må ein likevel sjå med nye auge på bygderessursane. Mange er i dag på leiting etter det særprega lokale, dei kunnskaps- og kulturuttrykk som gjer staden spesiell og annleis. Industrisamfunnet var i stor grad prega av standardisering, og den særeigne og lokale bygdekunnskapen vart ofte sett til side. I dag er det denne som må fram att, og det negative språket om bygda må erstattast med eitt som fokuserer det spesielle og spanande ved bygdelivet; det som byen aldri kan tilby.

I framtida vil det særeigne bli stendig meir etterspurt. Både turisten og den som skal busetja seg ein stad vil leita etter det heilskaplege lokale/regionale uttrykket. I den lokale kulturen og kunnskapen – i til dømes natur, mytologi, byggjeskikk, mat, folklore – kan det liggja kime både til ny identitet og til nye produkt.

Viktige strategiske grep er såleis å få fram kva bygda har som byen ikkje har, kva vår stad har som andre stader ikkje har, og kva me kan lokalt som få eller ingen kan betre enn oss.

Sterk lokal identitet og medvit om lokale føremoner og ressursar, er føresetnader for positiv utvikling i dag, hevdar denne boka. Med feste i det særprega lokale, og med ein gjennomtenkt og synleg marknadsføringsprofil utetter, kan me gjera den norske bygda til ein aktiv deltakar i vår globale samtid.

Gjennom ulike grep og innfallsvinklar syner boka korleis dette kan gjerast. Boka er konkret og handlingsretta, og søkjer å mobilisera til nye aktivitetar og produktutvikling.

Boka er redigert av Dag Jørund Lønning, leiar for fagområdet Natur- og kulturbasert næringsutvikling ved Telemarksforsking-Bø, og forfattar av fleire bøker om ungdom, bygdeliv og næringsutvikling. Lønning er prosjektleiar for det strategiske forskingsprogrammet Trademark Telemark, som er utgangspunktet for denne publikasjonen.

Fotograf Leif Jamtveit, Kviteseid, har medverka med fargebilete av bygdelivet i Telemark.

Boka Den Norske Bygda og Den Store Verda. Om lokal utvikling i ei global tid kan tingast gjennom Telemarksforsking-Bø: <a href="http://www.tmforskbo.no/public/start/default.asp">www.tmforskbo.no</a>


Dag Jørund Lønning kan treffast på: 35 06 15 03 (a)
E-post: <a href="mailto:lonning@tmforskbo.no">lonning@tmforskbo.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no