Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk Målungdom tek avstand frå medlemsjuks

 (01.12.2003)

Lesarbrev frå Norsk Målungdomen. 23.12.03. Norsk Målungdom (NMU) er dømd for overrapportering av medlemer frå 1998 - 2001. Me seier oss leie for det som har skjedd og tek avstand frå det tidlegare medlemsjukset i organisasjonen. Norsk Målungdom har godteke domen.

Tidleg i desember byrja ei rettssak mot Norsk Målungdom og seks tidlegare tillitsvalde i organisasjonen. Etter at det i TV2-programmet Rikets
Tilstand i fjor kom fram opplysningar om overrapportering av medlemer i NMU, etterforska Økokrim saka. Dom i saka fall onsdag 17. desember.

NMU vart då dømd til å betala 2 888 072 kroner attende til Barne- og familiedepartementet, og i tillegg 100 000 kroner i eit føretaksførelegg til statskassa. Norsk Målungdom har godteke domen, medan dei seks tiltalte anka straffeutmålinga.

I dag har me ordna opp og har gode rutiner når det gjeld registrering av medlemer. Me vil gjera opp for oss og betala attende til staten den summen retten har idømd oss. Norsk Målungdom vonar at Barne- og familiedepartementet vil gje organisasjonen ei attendebetalingsordning som gjer det mogleg å gjera opp for oss og halde fram drifta.

Norsk Målungdom stettar i dag kravet for å få
statsstønad. I 2002 låg medlemstalet over kravet på 1000 medlemer under 26 år, og det gjer det også i år, med det atterhaldet at årets tal sjølvsagt enno ikkje er gjennomgåtte av revisor.

Norsk Målungdom vil halda fram med å vera ein organisasjon som arbeider for nynorsken mellom ungdom.
Me står andsynes mange utfordringar. Serleg viktig vert kampen for å oppheva unnataket i opplæringslova som gjeld dataprogram. I haust hadde me ein kampanje for nynorsk i Dagbladet, og nynorsk i media kjem framleis til å vere ei viktig sak for Norsk Målungdom i tida frametter.

Me vonar at ungdom over heile landet framleis vil vera medlemer hjå oss og arbeida for nye sigrar for nynorsken!

Unn Catodotter Fyllingsnes,
fungerande leiar i Norsk Målungdom

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no