Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 9. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til ordførar Petter Steen jr.

 (25.11.2003)

Melding. 25.11.03. På kulturkvelden til Haugesund Mållag og Ungdomslag (HMU) i byrjinga av november vart ordførar Petter Steen jr. tildelt målprisen for 2003.

HMU deler ut år om anna delt ut ein målpris til personar som har gjort seg skikka til det. Mellom ann har ein journalist i Haugesunds Avis fått prisen for godt nynorsk skriftspråk i media, og også ein lokal revyartist har fått han for god bruk av dialekt.

Om ordførar Petter Steen jr., seier forslagstillaren at han i det daglege nyttar ei dialektform som ligg nær opp mot normert nynorsk. Det var leiaren i laget, Audun Emil Fatland som delte ut prisen, og han peika på nokre punkt som er årsak til at Petter Steen jr. får prisen: Som ordførar gjer han seg synleg i bybildet og møter folk på gater og kafear og lyttar til deira meiningar om saker og ting. Vidare kan han gjerne møta opp i ein barnehage, og kan og kle seg i kjeledress og hjelm for å vera med renovatørane i deira arbeid. Slik blir han kjend med arbeidet til folk på grasrota.

Han er og positiv i høve til unge og eldre, og legg vekt på trivsel både i skulen og samfunnet elles. Som målfolk legg vi og merke til kva talemåte folk brukar, som eit lag som arbeider med bunadarbeid, ser vi det som positivt at ordføraren brukar bunad under nyttårstalen på Rådhuset. Prisen er ein akvarell av den lokale kunstnaren Ramecker.

Steen sa i sin takketale at han set stor pris på utdelinga, og ser det som viktig å ta vare på morsmålet. Som skulemann er han bevisst på det. Han meinte og at det arbeidet HMU gjer er svært viktig.

Kjell Tveit
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no