Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gratisnynorsk på Holmlia

 (24.11.2003)

– Det er ikkje vanskelegare å lære elevane nynorsk enn geografi. Det avgjerande er at læraren føler seg trygg i undervisninga. Slik sett trur eg nok at det må takast ein del grep i lærarutdanninga.

Orda kjem ikkje frå ein misjonerande språkkjempar frå «ny-Noreg», men frå ein engasjert lærar som sjølv snakkar propert riksmål og underviser 14-15 åringar på Holmlia skole.

Skulen er ein smeltedigel sør i Oslo, med elevar av 160 nasjonalitetar. Heile 56 prosent av elevane på skulen er framandspråklege.
Nettopp der har Torill Tørjesen teke i bruk nynorske lærebøker i KRL-faget (kristendom, religion og livssyn) for å styrkje kunnskapen, og ikkje minst endre haldninga til nynorsken. For derifrå er ikkje vegen lang til at elevane også kan bli flinkare i skriftleg sidemål, var tanken hennar, som viser seg å vera rett.

Skriftleg nødvendig
– Det var forsøket i Vestfold, med fritak frå skriftleg sidemål, som sette tankane våre i sving, seier Tørjesen.
– Vi skreiv opp på tavla kva som talar for og mot nynorsk skriftleg. Argumenta for nynorsk var mange. Ein av dei framandspråklege elevane sa at ingen kunne bli flink i engelsk utan å arbeide med engelsk skriftleg, og at det same må gjelde for nynorsk.
Ein av elevane argumenterte ganske så vakkert med at det hadde vore ille om Ivar Aasen skulle ha vandra alle mila på innsamlingsferd til inga nytte, smiler Tørjesen.
Alle elevane meinte det ville vera synd om nynorskfaget skulle bli borte frå skulen, ettersom det er ein del av den norske kultur– og språkhistoria, fortel ho.

Gratis nynorsk
Ved avstemming på foreldremøte vart det fleirtal for at elevane skulle bruke nynorsk materiell i KRL-faget. Det er klassene 9C og 9D, med høvesvis 20 og 26 elevar, som deltek i denne undervisninga på Holmlia skole.
– Kva synest elevane etter dette første halvåret? Er det vanskeleg å bruke nynorsk i KRL-faget? Spørsmålet går til elevane.
– Det kan vera litt vanskelege nynorske ord i KRL-faget av og til. Men vi får bruke ordliste. På den måten får vi inn nynorsk gratis, utan å vera klar over det, og det kjem til nytte når vi skal skrive nynorsk stil, seier Karl kjapt og svært fornuftig.
– Og ulempene?
– Det er kanskje ikkje alle som får med seg alt på grunn av dei spesielle orda og uttrykka i dette faget, seier Karl vidare. Læraren tilføyer at ein kanskje bør byggje opp ein nynorsk «ordbank» for KRL-faget.

Heilt unødvendig
– Men korleis reagerer andre elevar på at de blir underviste på nynorsk?
– Å, hjelp, stakkars dykk, er det mange som seier, kjem det spontant frå Anne.
– Ein del synest nynorsk er heilt unødvendig. Men vi svarar at vi har vald det sjølve, og at vi får mykje attpå når det gjeld sidemålsstilen, seier ho, og peikar på at det er nyttig å kunne nynorsk dersom ein skulle flytte til ein nynorskkommune ein gong.
– Og tenk om du ein dag finn ein kjærast i Førde, som du kan imponere med å sende ei SMS-melding på nynorsk, skyt læraren ertande inn.
Fordommar og giddaløyse
Aminah er ei av fem i klassen som har nynorsk som tredjespråk.
– Det er lettare å lære seg språk når ein kan ein del språk frå før, hevdar ho. Aminah har sans for kulturmangfaldet, men peikar på at det er mange fordommar mot nynorsk.
– Mange veit for lite om bakgrunnen for nynorsken og er negative i utgangspunktet. Enkelte trur at nynorsk er ein dialekt som det er liten vits å lære. Dei undrast på kvifor vi treng Ivar Aasen-målet når vi har bokmål. Slik tenkte vi også, og trudde nynorsk var veldig vanskeleg. Men vi har endra haldning, seier Aminah.
Karl mumlar at han trur det er giddaløyse som gjer at mange er i mot skriftleg sidemål, og snøftar av dei som meiner ein kan halde det nynorske språket ved like ved å lesa dikt.
– Det er ingen som lærer seg eit språk ved berre å lesa dikt. Slik er det ingen som snakkar. Men når ein får tak på nynorsken, ser ein at språket fell lettare og meir naturleg fordi det byggjer på talemålet vårt, seier Karl. Det argumentet slepp han ikkje unna med uimotsagt.
– Ingen snakkar vel nynorsk på Holmlia, seier Hanna kontant.

Lesarinnlegg
Det stadige presset på sidemålet i Oslo-skulane gjorde at elevane skreiv eit lesarinnlegg som vart trykt i fleire riksaviser.
I innlegget argumenterte elevane grundig og sakleg for sidemålsundervisninga, og har fått stor respons. Blant anna har Universitetet i Tromsø invitert elevane til Det Norske Teatret i Oslo og Senterpartiet har sendt helsing med stor vellyd.
– Men vi skulle gjerne hatt reaksjonar som går mot argumentasjonen vår også, seier Tørjesen.

Seks skular er med
Skulemålsskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag seier at forsøket med nynorske lærebøker i andre fag enn norskfaget er gjort i erkjenning av at det må skje ei haldningsendring i forhold til sidemålsundervisninga på skulen.
Seks skular kring i landet er no i gang med nynorske lærebøker i andre fag enn norskfaget. Det er skular i Åndalsnes, Tromsø, Sunndalsøra, Ålesund, Askøy og Holmlia som så langt er med i forsøket.
– Målet er den typen undervisning skal vera i gang ved 20 skular i løpet av 2004, seier Arnøy, som opplyser at undervisninga er knytt til næraste høgskule eller universitetet, i motsetnad til forsøket i Vestfold som ikkje har ei tilsvarande fagleg forankring. (NPK)

Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no