Å lære nynorsk ved å ikkje lære nynorsk!
(24.11.2003)
Kommentar. 24.11.03. Som vanleg er ved når det er valår ynskjer ymse politiske parti å vise omsuten sin for nynorsk. Det gjer dei ved å søkje om «fritak frå skriftleg sidemålsundervisning». Elevane skal såleis lære seg å skrive nynorsk ved å ikkje skrive nynorsk.
Til dess har det vore lite røynsler å vise til i denne nyvinninga i skulepedagogikk. Ikkje no lenger: Revetal skole i front for fåkunna På Revetal skole i Re kommune i Vestfold var der ein skulebibliotekar som meinte elevane laut sleppe lære å skrive nynorsk. Alt for 30 år sidan masa ho på dåverande utdanningsminister Kjell Magne Bondevik om at obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning måtte ut or skulen. I 2002 søkte skulen om eit storfeldt forsøksopplegg: Skulen har ingen skriftlege avgangsprøver i det heile. Voila: Då bør det vere mogleg å la elevane sleppe nynorsk? I søknaden sin til utdanningskontoret i Vestfold grunngjev dei forsøket slik: «Dagens skriftlige sidemålsundervisning virker mot sin hensikt» og føremålet med forsøket er «å oppnå en styrking av litteraturinteressen og leseferdigheten på sidemål». Utdanningskontoret svarar: «Utdanningskontoret finner skolens plan interessant. Vi merker oss at man ønsker å gjøre opplæringen i sidemål mer målrettet og meningsfylt for elevene.» Og godkjende søknaden. Evaluering I søknaden skriv Revetal skole at «spørrundersøkelse blant avgangselevene skal gjennomføres...( ) .. Vi undersøker da om/hvordan holdningene til faget har endret seg». Skulen har ingen faglege instansar på høgskule eller universitet med seg i dette arbeidet, korkje i planlegginga eller i evalueringa. Skulen har alt skrive ein «rapport» der det viser seg at elevane er svært nøgde - med å sleppe å skrive nynorsk. I så vel søknad om fritak frå skriftleg nynorskopplæring som godkjenninga kjem det fram at det ikkje er avklart kva fylgjer manglande karakterar i sidemål får for opptak til vidaregåande skule. Lokal søknad og nasjonal propaganda Ikkje før hadde skulen sett i gang med forsøket for bladfykane ynskte fortelje ålmenta om saka. Som rett var vinkla avisene saka slik: «Elevar slepp å lære nynorsk». Og nynorskfiendane i FrP og Høgre lyfte Revetal fram i framlegg om å gjere sidemålsundervisninga valfri. - Det er bra at Revetal skole ynskjer gjere noko med sidemålsundervisninga, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Det som er dårleg er det dei gjer: Sidemålsundervisninga i skulen har stor trong for nytenkjing og utprøving av nye metodar. Då må føremålet vere at elevane skal verte flinkare og meir motiverte til å skrive nynorsk, seier Brunstad. Forsøket på Revetal har stikk motsett føremål og kan ikkje kallast for anna enn fagleg tvilsamt. Look to Åndalsnes - I staden for å bite på agnet til Finn Erik Vinje, «sidemålsundervisningen tar for megen tid av norskundervisningen», bør vi lytte til elevane sjølve: Dei fortel at dei knappast for noka sidemålsundervisning i det heile, og dersom dei får slik undervisning er ho ofte prega av hastverk og rekna som uviktig, seier Brunstad. I staden bør fleire skular gjere som Åndalsnes ungdomsskule der dei utvida bruken av nynorsk til å gjelde andre fag enn norsk. I dette skuleåret har skular i Tromsø, Sunndalsøra, Ålesund, Askøy og Oslo fylgt opp forsøket på Åndalsnes. Dét er rett måte å styrkje det faglege nivået til elevane, og dermed veikje grunnlaget for dei negative haldningane til sidemål og nynorsk, seier Brunstad.
Ingar Arnøy
|
|