Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Viktig datasiger for nynorsken!

 (11.11.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 11.11.03. Microsoft har no lansert nynorskversjonen av Microsoft Office.
- Dette er ein viktig siger for nynorsken, og eit gjennombrot i arbeidet med å gjere nynorsken til eit fullverdig dataspråk, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Microsoft fortener ros for å vise ansvar for dei over 600 000 nynorskbrukarane i landet.

- Microsoft har sjølv vist til presset frå målrørsla. Det viser at målrørsla faktisk kan vinne fram når ein arbeider godt og målretta gjennom fleire år.

I 2000 skipa Noregs Mållag saman med andre nynorskføretak Aksjon Nynorsk Data 2000. Aksjonen fekk stor oppslutning hjå skuleelevar i vidaregåande skule og heile 461 rektorar og 110 kommunar signerte
kravet om nynorsk programvare.

– No bør staten følgje opp med å stille krav til at offentleg innkjøpt programvare skal føreliggje både på nynorsk og bokmål, påpeikar Endre
Brunstad.

Til lanseringa av Microsoft Office-pakka er ikkje gramatikkontroll og brukardokumentasjon klar, men Microsoft har gjeve tilbakemelding om at dei arbeider med å gjere nynorsk- og bokmålsversjonen likeverdig.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 55 58 83 99 (a) 92 66 01 75 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11 (a) 95 78 55 60 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no