Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo - byen med den store navlen

 (04.11.2003)

Lesarbrev frå Noregs Mållag. 04.11.03. Oslo har fått ein ny byråd for kultur og utdanning, Torger Ødegaard (Høgre), og han gjer kamp mot nynorsk til ei programsak. Byråden vil ha fritak for sidemål i den vidaregåande skulen i Oslo, og ynskjer bystyret med på ein søknad om det overfor Utdanningsdepartementet.

Gjennom sidemålsutspelet viser byråd Ødegaard seg som ein svært navleskodande politikar. For Oslo er det alvorleg at den same personen skal stå for søknaden om Oslo som europeisk kulturby i 2011. For er det noko som kjenneteiknar europeiske kulturbyar, er det nemleg vektlegginga av språkleg og kulturelt mangfald - ikkje motstand mot mangfald.

I så måte kunne Torger Ødegaard og resten av byrådet hatt nytte av å lese den ferske rapporten «Language Education Policy Profile for Norway». Rapporten er skriven av ei utanlandsk ekspertgruppe frå Europarådet, og gruppa gjer eit stort poeng ut av det språklæringspotensialet som den norske fleirspråksstoda gir (med nynorsk, bokmål, dialektar, minoritetsspråk og forståing av skandinavisk). Ekspertgruppa meiner dessutan at ei slik fleirspråksstode skaper grunnlag for språkleg refleksjon, og det har igjen ein demokrati-byggjande funksjon.

Ekspertgruppa frå Europarådet undrar seg derimot over at den norske språkrikdomen ikkje vert verdsett og utnytta i skulen. Tvert om eksisterer det mange negative haldningar og kortsiktige tankar om at språkrikdomen er «unyttig». Ekspertgruppa peikar på kven som har ansvaret: utdanningssystemet. Diverre viser det seg at mange lærarar formidlar negative haldningar til nynorsken generelt og sidemålet spesielt. Utfordringa vert å få utvikla betre pedagogiske tilnærmingar og betre kunnskap, særleg i lærarutdanninga.

No går det føre seg nokre interessante sidemålsforsøk (fleire av dei er initierte av Noregs Mållag). Torger Ødegaard kunne til dømes take seg ein tur til Holmlia ungdomsskole. Der ville han få sjå eit sidemålsprosjekt med undervisning i nynorsk også i KRL-faget. Lærebøker og tavleundervisning i faget er på nynorsk. Her talar vi om eit såkalla «avgrensa språkbad», etter mønster av opplæringsforsøk i Canada og Finland. Elevane ved Holmlia har uttala i Aftenposten og Dagsavisen at dei stortrivst med meir nynorsk.

Grunnlaget for sidemålet er jamstellinga mellom nynorsk og bokmål og dei kulturpolitiske sidene ved nynorsk som del av nasjonalkulturen. Det grunnlaget vart òg slege fast av Stortinget 21. oktober i år. Samtidig kan det vere på sin plass å få fram det språkpedagogiske potensialet ved heile den norske fleirspråksstoda. Ei betre sidemålsundervisning kan føre til betre kunnskap i både bokmål, nynorsk og framandspråk.

Gjennom sidemåls-motstanden framstår Oslo no som byen med den store navlen. Meir fruktbart ville det ha vore om vi fekk ein edrueleg og kunnskapsbasert diskusjon: Korleis kan sidemålsundervisninga betrast? Korleis kan heile den norske fleirspråksstoda utnyttast til å betre den allmenne lese- og skrivekunnskapen? Korleis skape eit kulturpolitisk og språkpolitisk klima som ser på mangfald som eit gode? Det føreset at språkpedagogar, utdanningspolitikarar og media òg tek ansvar.

Endre Brunstad
leiar av Noregs Mållag

---
Bilete av Endre Brunstad ligg på http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/1634/9413







Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no