Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektpris til United

 (23.10.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 23.10.03. Fredag ettermiddag får regissøren av filmen United, Magnus Martens, Norsk Målungdom sin dialektpris!

– Dialekten mange stader er truga fordi so mange ungdomar ikkje held på dialekten sin. Difor er det viktig for oss å trekkja fram gode døme på bruk av dialekt, slik som filmen United, slår Unn Catodotter Fyllingsnes fast, nestleiar i Norsk Målungdom fram.

– I norsk film er det vanleg å nytta dialekt som eit virkemiddel for å signalisera at personane i filmen er bygdetullingar eller gamle ungkarar. Me gjev prisen til United fordi dei nyttar dialekt utan at det er noko oppsiktvekkjande i det, seier Unn Catodotter Fyllingsnes.

Utdelinga av dialektprisen er startskotet på Målstridkonferansen til Norsk Målungdom i Bergen. Konferansen, som varer ei helg, samlar seksti ungdomar frå heile landet. På konferansen er nynorsk i media og betre sidemålsundervising hovudemna.

Stad: Hjå Arna Yrkesskule, Vestlivegen 43, Indre Arna/Garnes
Tid: Fredag 24. oktober kl. 18.00

For meir informasjon:
Norsk Målungdom
leiar Fredrik Gustavsen, 4520 5278 (m)
nestleiar Unn Catodotter Fyllingsnes, 9797 1211 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no