Melding. 23.10.03. Samlaget og Schibsted forlag har vore på bokhandlarturne. Først i Gol og deretter på Jølster.
- Bokhandlarane er svært viktige for oss, seier Astrid Dalaker Steenberg, marknadssjef i Schibsted Forlag.
Sjur Mossige, marknadssjef i Det Norske Samlaget, var svært oppglødd over å få presentere bøkene frå nynorskforlaget til bokhandlarane og bibliotekarar frå heile Sogn og Fjordane.
– Det er veldig kjekt å få vise fram kva vi kan tilby, smiler Sjur Mossige.
Spennande bokhaustHan fortalde om bokhausten frå Samlaget, medan Astrid Dalaker Steenberg tok for seg bøkene frå Schibsted. Det var bøker om alt frå vin, mat, digital fotografering og jul. Og dessutan kunne dei vise fram mellom anna vitsebøker, barnebøker, biografiar, diktbøker, romanar, spørjebøker og sjølvsagt klassikaren «Hvem Hva Hvor». Boka som sel mindre for kvart og som går, men som framleis vert trykt opp i fantastiske 45 000 bøker.
Barnebøker på nynorskDei som stadig leitar etter nynorske barne- og ungdomsbøker må spørje etter bøkene frå Samlaget! Sjur Mossige kunne presentere eit breitt spekter av bøker.
– Eg er spesielt stolt over biletbøkene til Samlaget. Og i november kjem boka; «Da nissen kyssa mamma» av Torvald Sund. Ei bok med flotte teikningar og ei spennande historie, seier Sjur Mossige.
I tillegg er Samlaget i ferd med å gjera kommersiell suksess med bøkene om Skammarens dotter. Ein dansk fantasyserie for 10-14 åringar.
Astrid Dalaker Steenberg meinte at hennar tre barn frå seks til tolv storkoste seg med denne serien. Og til våren kjem dei to siste bøkene av serien. Då kjem og forfattaren Lene Kaaberbøl til Noreg.