Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tabloid nynorsk? Ja, takk!

 (17.10.2003)

Lesarbrev frå Norsk Målungdom 17.10.03.
Å skriva eit språk er ein vane. Slik er det òg med nynorsk og bokmål. Hadde det vore meir nynorsk i VG og Dagbladet, hadde truleg fleire lagt av seg vanen med å skriva bokmål. Difor seier eg ja takk til ei tabloidisert, nynorsk avisframtid!

Kvar og kva som vert skrive på eit språk signaliserer kva språket er dugande til. Når ingen aviser i Akersgata skriv på nynorsk, gjer det at folk tenkjer sitt om kva dei kan, og ikkje kan, skriva om på nynorsk. Det er ingenting i nynorsken i seg sjølv som gjer han mindre brukande til å skriva om krigen mot Irak, Orderud-drapa eller kjønskvotering på – det skjer berre ikkje!

Forklåringa på dette er at nynorsk ikkje høver i VG og Dagbladet, i fylgje intervju i Klassekampen 28. april d.å. med Olav Versto. Mitt spørsmål vert då: kva er det med nynorsken som ikkje høver? Er det slik at alle hokjønsorda i nynorsken? Eller er det orda «eg» og «ikkje» som ikkje høver i tabloidpressa? Eller er det rett og slett slik at det er nynorsken som provoserer i aviser som vert gjeve ut i hovudstaden? Eg trur det siste.

Nynorsk provoserer. Nynorsk har alltid provosert. Rett og slett av di nynorsken representerer noko anna enn bokmålet; trua på at dei dialektane folk i heile Noreg talar, er minst like gode som slik dei talar i hovudstaden. Trua på at dei tankane folk i heile Noreg tenkjer, er minst like gode som dei tenkjer i hovudstaden. Trua på at dei lokale kulturane og tradisjonane ein finn i heile Noreg, er minst like gode som dei ein finn i hovudstaden. Det er ikkje rart at slike påstander provoserer i Oslo!

Eva Marie Mathisen
skrivar i Norsk Målungdom

Eva Marie Mathisen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no