Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag med kritiske merknader til Kvalitetsutvalet

 (17.10.2003)

Melding. 17.10.03. Høyringsfråsegn frå Noregs Mållag om NOU 2003:16.

Kvalitetsutvalet legg opp til ei ganske omfattande reform med 117 framlegg til endringar. Endringsframlegga kjem i ein periode der det har kome mange og omfattande endringar elles i skuleverket.

Denne fråsegna vil gå nærmare inn på ein del emne som Noregs Mållag ser på som viktige for nynorsk skriftkultur.

Generelt stiller Noregs Mållag stiller seg positiv til fleire av endringsframlegga og intensjonane bak reforma. Men der er òg framlegg Mållaget er usamd i:

• Noregs Mållag er usamd i framlegget om å fjerne ein skriftleg eksamen i norsk.
• Noregs Mållag er usamd i framlegget om bortfall av allmenn studiekompetanse.
• Noregs Mållag er kritisk til den manglande vektlegging av nynorsk.

Noregs Mållag vil elles understreke grensene for korleis ein kan eksperimentere med samansetjinga av skule-gruppene.

I merknadene fylgjer vi oppstillinga frå NOU 2003:16.

Kapittel 6
Noregs Mållag meiner til liks med Kvalitetsutvalet at lærarane er avgjerande for at elevane, skulen og samfunnet skal nå dei læringsmåla som er formulerte. Såleis stør vi utvalet når det skriv: «Fagområder hvor mange lærere har mangelfull formell kompetanse, må prioriteres.» (Kap. 6.4.4.). For oss er det relevant å fokusere på kompetansen i norskfaget: Noregs Mållag har ved fleire høve bede styresmaktene utvide den obligatoriske norskopplæringa til eit heilt skuleår. Vi sluttar oss såleis til vurderingane utvalet kjem med om grunnlaget for å gi undervisning i basisfag:

Selv om undersøkelsen om grunnskolelærernes kompetanse ble oppsummert med at de fleste lærerne har godkjent kompetanse, er det all grunn til å spørre om mindre enn 5 vekttall kan anses som et tilstrekkelig grunnlag for å undervise i norsk, matematikk og engelsk. Spørsmålet gjelder alle trinn, men spesielt kritisk vil det være med såpass beskjeden kompetanse på ungdomstrinnet. Kravet burde ligge på 20 vekttall eller mer, men det er bare i engelsk at mer enn halvparten av lærerne på ungdomstrinnet når dette nivået. (Kap. 6.4.4.)

Kapittel 9
Noregs Mållag har tidlegare kome med fråsegn der vi går imot at elevane skal organiserast i grupper i staden for i klassar.

Når så gruppe-organiseringa er vald, er det verdt å understreke dei klåre grensene som er sette for eksperimentering og manipulering med gruppene. Ei viktig grense er basert på val av hovudmål. Ut frå opplæringslova har foreldre krav på å få oppretta ei eiga gruppe (før: «klasse») med anna hovudmål enn det som er vedteke for skulen. Elevane i denne gruppa skal ha all undervisning for seg sjølv ut frå nett dei same vilkåra som den tidlegare lova slo fast.

Kapittel 12
Noregs Mållag er samd i kravet om at alle skular skal ha faglege ressurspersonar i norsk, matematikk og engelsk. Det er etter vårt syn trong for sterkare vektlegging av faglege krav og fagdidaktiske tilnærmingar, til dømes i norskfaget. Såleis stiller vi oss òg prinsipielt positivt til framlegget om at auka timetal skal nyttast til å auke timetalet for lese- og skriveopplæring, matematikk og fysisk aktivitet.

Vi vil samstundes peike på at eit meir fagspesifikt fokus ikkje treng å stå i nokon motsetnad til praktisk-estetiske tilnærmingar, og at lese- og skriveopplæringa ikkje må sjåast som ein isolert aktivitet. Det må leggjast vekt på skape rom for leselyst, ikkje minst gjennom eit godt skulebibliotek. Vi merker oss i den samanhengen at det skal leggjast fram ei eiga «stortingsmelding om kultur og kulturformidling i tilknytning til skolen, der blant annet litteratur, bibliotek, lesing og leselyst får bred omtale» (12.4.6). Vi ser fram til ei slik melding, som må verte viktig for den vidare utviklinga av skulen. (Vi viser i denne samanhengen til det arbeidet Noregs Mållag driv for å stimulere leselyst, mellom anna gjennom bokkveldar, songbøker og kurs for barnehagepersonell.)

Utvalet diskuterer òg spørsmålet om morsmålsundervisning for minoritetsspråklege elevar. Noregs Mållag har gjennom fleire år lagt vekt på verdien av morsmålsundervisning, og er heilt samd når «utvalget vurderer det som noe uansvarlig å vente på ytterligere studier eller forskning før den tospråklige satsingen ved skolestart blir intensivert».

Kapittel 13
Noregs Mållag går imot framlegget om å fjerne kravet til allmenn studiekompetanse. Eit slikt framlegg representerer noko nytt i norsk skulehistorie, og vi meiner at konsekvensane ikkje er godt nok vurderte.

Bortfallet av studiekompetanse-kravet vil føre til mindre kontroll over dei krava som kan stillast til studentane. Det står igjen i motstrid til måla som vert formulerte i kapittel 1.1 om at grunnopplæringa skal «bidra til samfunnsutviklingen og nasjonsbyggingen som kulturbærer, normgiver, identitetsbærer og identitetsskaper».

Vi ser det som eit stort problem at før-kunnskapen til lærarstudentane alt i dag ikkje er god nok. Frå vår synsstad er vi særleg ottefulle for den altfor veike norskkunnskapen, og at den kan verte dårlegare. Når ein samstundes føreslår at det på yrkesfag ikkje lenger skal vere krav om norskeksamen (ei endring som vi òg vil åtvare imot), kan ein i prinsippet rekruttere studentar utan dei kunnskapane i basisfaget norsk som innstillinga elles legg vekt på. Spesielt problematisk vil det då verte for kravet om nynorskkunnskapar. Med bortfall av avslutningseksamen etter 10-årig grunnskule, kan ein få studentar som ikkje har skrive ein einaste avslutningseksamen på nynorsk.

Dersom det skulle skje ei liberalisering av studiekompetansen, må ein vurdere moglege opptaksprøver for særlege typar av utdanningar. Det vil vere ein måte å få harmonisert kunnskapskrava andsynes ein meir heterogen studentmasse. For lærarutdanninga vil det då vere logisk å ha opptaksprøver i basisfaga norsk, engelsk og matematikk.

Kapittel 18
Noregs Mållag går sterkt imot framlegget om å kutte dei to noverande skriftlege eksamenane i norsk til ein skriftleg eksamen der ein trekkjer elevane ut til anten hovudmål eller sidemål.

Utgangspunktet til Noregs Mållag er prinsippet om jamstelling mellom dei to offisielle skriftmåla, og at meistring av både nynorsk og bokmål er formulerte mål i læreplanen for grunnskulen og for vidaregåande opplæring. Vi ser på dette framlegget som eit brot med intensjonane bak sidemålsordninga og lov om sidemålsstilen frå 1907. Jamstellingsprinsippet var avgjerande når Stortinget i 1987 kontant avviste eit tilsvarande framlegg om loddtrekning mellom sidemålseksamen og hovudmålseksamen.

Vi meiner at ein ved dette framlegget ikkje legg vekt på det som mellom anna Kulturmeldinga gjer eit poeng av: at språkstoda med nynorsk og bokmål som jamstelte språk faktisk utgjer ein kulturell ressurs. Dette poenget må ein elles ofte til utlandet for å sjå. Vi kan her sitere frå ekspertrapporten Language Education Policy Profile. Expert´s report: Norway frå Europarådet (September 2003):

Norway is a multilingual country, a country in which many languages are spoken, and Norwegians are plurilingual people, people who speak and / or understand several languages. This fact strikes outsiders immediately. It is not just a question of the well-known presence of Sami and other indigenous groups, nor the oft-cited proficiency of Norwegians in English. There are other long-established languages and many newly-arrived languages present in Norwegian society, and Norwegians have plurilingual competence much beyond the ability to speak English.

Thus, by the end of ten years of compulsory education, all young people have at least:
- an ability to read and write in two varieties of Norwegian, Nynorsk and Bokmål
- an ability to use a spoken variety of Norwegian and understand other people speaking their own varieties
- productive and receptive competence in written and spoken English
- receptive competence in spoken and written forms of Swedish and Danish

and some have in addition one or more of the following:
- competence in at least one variety of Sami or Kven/Finnish
- competence in one of the many recently arrived languages, often from another continent and language family
- competence in a second foreign language, e.g. French or German or Spanish.

To the outsider, however, it is striking that much of this linguistic wealth is underestimated and perhaps not even noticed by many young people, who might complain about their lack of a full mastery of their second foreign language learnt at school rather than celebrate their plurilingualism. (Side 10 i rapporten.)

At norske ungdomar ikkje legg vekt på rikdomen i det norske språkmangfaldet, er ei utfordring: Skuleverket må verte betre med å formidle og vektleggje det fleirspråklege som ein eineståande ressurs. Difor vert det eit steg i feil retning å kutte i talet på norskeksamenar.

I tillegg til desse momenta vil vi, til liks med Kvalitetsutvalet, peike på den særlege rolla norskfaget skal ha som kultur- og danningsfag. Fjerning av ein eksamen må oppfattast som ei mindre vektlegging av norskfaget, og det er etter vårt syn feil.

Det er vidare respektlaust overfor elevane å gjere eksamen i hovudmål og sidemål til loddtrekkingsobjekt.

Vi gjer merksam på at framlegget om å kutte ut ein skriftleg eksamen i norsk ikkje har støtte i andre framlegg frå utvalet. I teksten finn vi ikkje andre tilvisingar til framlegget, og der er heller ikkje noko i resonnementet som skulle leie til ein slik konklusjon. Det finst ingen referansar til forsking eller dokumentasjon på kvifor berre ein norskeksamen vil «bedre kvaliteten i norsk grunnopplæring».

Noregs Mållag bed om at framlegget frå utvalet ikkje vert fylgt på dette punktet.

Kapittel 22
Noregs Mållag er samd i vektlegginga av tilhøvet mellom heim og skule. Samstundes må det presiserast at skulen ofte er utgangspunktet for mangfaldige kulturelle aktivitetar for eit heilt lokalsamfunn. Desse aktivitetane er igjen særs viktige for det totale læringsmiljøet. Såleis vil vi leggje vekt på verdien av ein skule i nærmiljøet. I det vidare arbeidet med framlegga frå Kvalitetsutvalet bør kvalitetane til grendaskulen og skulekrinsen vurderast i ein vidare samanheng.

Kapittel 23
Noregs Mållag er nøgd med at utvalet går inn for å styrkje lærarutdanninga, og at ein samstundes opnar for differensiering i lærarutdanninga. Desse gode intensjonane føreset i sin tur tenlegegare økonomiske rammevilkår. Difor må ein fylgje opp med økonomiske løyvingar.










Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no