Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Dagbladet!

 (13.10.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 13.10.2003 Andsvarleg redaktør i Dagbladet, Thor Gjermund Eriksen, ynskjer Norsk Målungdom lukke til vidare i kampanjen for å få inn nynorsk i avisa. Sjølv vil han sjå på saka.

I dag tidleg aksjonerte Norsk Målungdom utanfor lokala åt Dagbladet i Akersgata. Aksjonen markerte starten på ein landsomfemnande kampanje, der målungdomen skal aksjonera for å få inn nynorsk i Dagbladet.

- Det er utruleg at den nest største avisa i Noreg kan driva språksensur, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Gustavsen. Han karakteriserer møtet med Eriksen som positivt.

- At Eriksen ynskjer oss lukke til med aksjonen, tek eg som eit godt teikn, og me vonar han no svarer på utfordringa vår på leiarplass i avisa! avsluttar Gustavsen.

Norsk Målungdom krev at Dagbladet svarer på kvifor dei ikkje nyttar språket åt 600 000 nordmenn på redaksjonell plass, og me kjem ikkje til å gje oss for nynorsken har fått plass i Dagbladet!

For meir informasjon:
Norsk Målungdom 22 47 71 16
leiar, Fredrik Gustavsen 45 20 52 78
nestleiar, Unn C. Fyllingsnes 97 97 12 11

Vil du ha bilete frå aksjonen? Kva med <a href="http://www.nm.no/filer/ACF762.jpg">Nynorskframside av Dagbladet vert hengt opp i Oslo</a>

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no