Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Statsbudsjettet: - Ikkje godt nok for Noregs Mållag

 (09.10.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 09.10.03. I framlegget til statsbudsjett får Noregs Mållag tildelt ei løyving på same nivået som i fjor. Det er leiar Endre Brunstad ikkje nøgd med:
- Nynorsken vert i dag utsett for harde åtak, og Noregs Mållag er i frontlina for å formidle informasjon, utøve press og drive positivt haldningsarbeid.

Noregs Mållag gjer arbeid som har stor offentleg interesse; det gjeld mellom anna sidemålsundervisninga, nynorske læremiddel, nynorsk programvare, offentleg målbruk og mediemålet.

Noregs Mållag har noko av den fremste kompetansen på norske språktilhøve og språklege rettar, og er ein viktig samarbeidspartnar for det offentlege i arbeidet for å styrkje og verne om norsk språk. På mange område gjer Mållaget arbeid som Staten burde ha gjort.

- Sidan oppgåvene har auka, treng vi no i alle fall 500 000 i ekstra løyvingar, seier Endre Brunstad.

Flesteparten av inntektene til Noregs Mållag kjem frå medlemene. Statstilskotet har vore indeksregulert, og det har ført med seg ein realnedgang i løyvinga, av di mellom anna lønskostnadene har stige mykje meir enn prisnivået.

- Ei særleg utfordring for Noregs Mållag er dei forverra rammevilkåra for Norsk Målungdom. Målungdomen har i alle år gjort eit svært viktig arbeid i aldersgruppa 14-30 år. For at ikkje målsaka og nynorskbrukarar skal verte skadelidande, er det avgjerande at Noregs Mållag får tilført auka ressursar for å ta tak i arbeidsfelt knytte til ungdom.

Noregs Mållag har òg, i samarbeid med Høgskulen i Volda, eit omfattande forsøk med sidemålsprosjekt som er ressurskrevjande.

Noregs Mållag har for tida store organisatoriske utfordringar med distriktsatsing og hundreårs-markering i 2006.

Av andre postar på statsbudsjettet er Noregs Mållag uroa over kutt på 40 millionar kroner til studieforbunda. Det råkar alle friviljuge organisasjonar som driv studiearbeid.

Noregs Mållag meiner òg at det no er på tide at Noregs Ungdomslag kjem inn med eigen post på kulturbudsjettet.

For nynorskfolk er det elles gledeleg at Det Norske Samlaget får ein auke i driftstilskotet på 2,2 millionar kroner. Det er viktig med eit sterkt nynorskforlag som òg kan spele rolle som ein vidare kulturpolitisk aktør.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 55 58 83 99 (a) 92 66 01 75 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11 (a) 95 78 55 60 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no