Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vil gje NRK økonomisk spelerom

 (09.10.2003)

Pressemelding. 09.10.03. – NRK spelar ei viktig kulturpolitisk rolle som allmennkringkasting. Difor er Noregs Mållag uroa over at NRK no står i fare for å måtte gjere budsjettkutt på opptil 100 millionar kroner, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

I framlegget til statsbudsjettet vil nemleg regjeringa at kringkastingsavgifta skal vere uendra, utan omsyn til pris- og lønsauken.

Noregs Mållag meiner at NRK må ha rimelege økonomiske vilkår. Berre på den måten kan NRK fungere som ikkje-kommersiell kringkastar med nasjonale oppgåver.

- Sjølv om Noregs Mållag ikkje er nøgd med den noverande nynorskbruken, ser vi klårt at rimelege økonomiske vilkår er føresetnader for ein betre nynorskprofil, seier Endre Brunstad. I den samanhengen er òg distriktdekning og kulturstoff viktig.

Noregs Mållag vil difor oppmode Stortinget om å avvise framlegget frå statsbudsjettet om at kringkastingsavgifta til NRK ikkje skal aukast i år.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 55 58 83 99 (a) 92 66 01 75 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11 (a) 95 78 55 60 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no