Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir pengar til Samlaget

 (08.10.2003)

Melding. 08.10.03. Statsbudsjettet vert lagt fram i dag. Den nynorske budsjettvinnaren er Det Norske Samlaget. Medan Noregs Mållag får løying som tidlegare år.

Driftstilskotet til Det Norske Samlaget er foreslått auka med 2 mill. kroner i budsjettet for 2004. Samla blir det dermed løyvd 8,4 mill. kroner til Det Norske Samlaget.

- Dette er det einaste forlaget i landet som gjev ut bøker i alle sjangrar på nynorsk. Nynorske bøker har ikkje stor nok kjøpargruppe til at dette spesialforlaget kan greia seg i marknaden utan statstilskot. Støtte til Samlaget er på same tid støtte til nynorsk språk, litteratur og kultur, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Samlaget står for meir enn 70 prosent av alle nynorskutgjevingar. Auka driftstilskot vil gjera sitt til å betra produksjonsvilkåra for forlaget.

Noregs Mållag har eigen post i statbudsjettet. Den er indeksregulert og framlegget til regjeringa er at Noregs Mållag skal få 1 505 000 mill. kroner i 2004.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no