Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk helsing til sju ordførarar frå Framstegspartiet!

 (30.09.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 30.09.03. Framstegspartiet har fått sju nye ordførarar i nynorskkommunar på Vestlandet. Noregs Mållag har skrive brev til dei og bede om godt samarbeid for nynorsken.

- Det er eit privilegium å få styre ein kommune med nynorsk som tenestemål, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Nynorsk identitet er ein ressurs som styrkar kulturen og næringsutviklinga i ein kommune. Også samfunnsforskarar har peikt på den gode samanhengen mellom språk, kultur, identitet og næringsutvikling i nynorskkommunane.

- På same tid inneber nynorsk-statusen eit ansvar. I barnehagane og skulen er det viktig at lokal kultur, dialektane og nynorsken vert flittig brukt. Det er òg viktig å ta i bruk nynorske dataprogram, slår Endre Brunstad fast.

Dei er ordførarane i desse sju kommunane som no har motteke brev: Ørsta, Vestnes, Fræna, Sula, Skodje, Stranda og Austevoll. Framstegspartiet har til no hatt ein ordførar, Terje Søviknes i nynorskkommunen Os.

- Vi går ut frå at alle ordførarane held fram det gode arbeidet for nynorsken som mellom anna Os kommune har stått for, seier Endre Brunstad, som ser fram til eit godt samarbeid i tida framover.

Arbeidet for å fremje nynorsken og dialektane går på tvers av dei partipolitiske skiljelinene. Noregs Mållag med sine 10 600 medlemer og 200 lokallag er ein tverrpolitisk organisasjon med medlemer frå alle politiske parti.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no