Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt målkontor i Gloppen!

 (24.09.2003)

Melding. 24.09.03. Noregs Mållag har opna nytt målkontor på Sandane. Dermed har både mållaget og målarbeidet fått eit spennande løft i Sogn og Fjordane.

På måndag denne veka var det flott opning av målkontoret. Leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, helsa det nye tiltaket velkomen.
- Målarbeid i Sogn og Fjordane er viktig, også nasjonalt. Gjennomslag for nynorsktilbod i Sogn og Fjordane fører ofte til utbreiing i heile landet, seier Endre Brunstad.




<!--@bilde 18732,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/nlothe_og_raad.jpg" width=170 height=128 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Hege Lothe og Karoline Råd">Han trakk fram gjennomslaget for programvare på nynorsk som eit godt døme på dette. Elevane, skulane, kommunane og fylkeskommunane i Sogn og Fjordane har lenge arbeidd for å få nynorsk data, og no kjem nynorsk programvare frå både Microsoft og Open Office og det er sjølvsagt tilgjengeleg over heile landet.




<!--@bilde 18729,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/maalkontor_firda.jpg" width=170 height=128 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Målkontor_Firda MU">Det er Hege Lothe som skal vere tilsett ved kontoret i Gloppen. Ho har vore tilsett i Noregs Mållag siste tre åra og har vore informasjonskonsulent og redaktør for medlemsbladet Norsk Tidend. Dette arbeidet vil ho halde fram med, i tillegg til å vere til hjelp for målarbeidet i fjordane.
- Eg tykkjer det veldig kjekt å kome heim att til Gloppen og ser fram til det vidare arbeidet, seier Hege Lothe. Ho legg til at ho vil utfordre fjordingane og sogningane til å bli meir med i mållaget.

<!--@bilde 18731,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/maalkontor_linda.jpg" width=170 height=128 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Målkontor_folk snakkar saman">- Vi vil gjerne få fleire medlemer, smiler Hege Lothe. Under opninga var det elevane frå Firda Målungdom som stod for underhaldninga med sjølvdikta dikt og song. Dessutan var det helsingar frå ordførar i Gloppen Anders Ryssdal, Bjørg Sandal frå Gloppen opplæringssenter/Nynorsk pluss og Karolina Råd, leiar i Gloppen Mållag.

Les kva avisa <a href="http://www.firda.no/nyhende/article754136.ece">Firda</a> skriv om opninga.

<!--@bilde 18730,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/maalkontor_ingvild.jpg" width=170 height=128 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Målkontor_Ingvild Kleiveland Vevle">
Foto: Sindre Humberset

Sindre Humberset
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no