Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ledig stilling som reiseskrivar

 (02.09.2003)

Melding. 02.09.03. Noregs Mållag lyser ut prosjektstilling som reiseskrivar. Kontorstad er Bergen!

Noregs Mållag har ledig prosjektstilling i 100 %
frå 01.10.2003 – 31.12.2004

Noregs Mållag søkjer etter ein allsidig, kreativ, ryddig, motiverande og fleksibel person som ønskjer å arbeide som reiseskrivar.

Reiseskrivaren har mellom anna desse arbeidsoppgåvene:
· Organisasjonsbygging ved å ta initiativ til aktivitet og arbeid med målpolitiske saker
· Organisasjonsutvikling og planarbeid
· Verving
· Inntektstiltak

Arbeidet går i all hovudsak føre seg i samarbeid med fylkes- og lokallaga. Kontorstad er i Bergen.

For stillinga gjeld:
Du bør ha relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå organisasjonsarbeid. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid, og fører med seg ein god del reising.

Alle medarbeidarane må vere budde på å ta andre oppgåver når det er naudsynt. Reiseskrivaren samarbeider nært med dagleg leiar, informasjonskonsulent og organisasjonskonsulent.

Stillinga er løna i lønsramme 17 i statens lønsregulativ (lst: 28 – 42) med innplassering etter utdanning og ansiennitet.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål må sendast til Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo, innan 12. september 2003.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Dagleg leiar Gro Morken Endresen på telefon 22 47 71 00 eller på e-post: <a href="mailto:gro.morken@nm.no">gro.morken@nm.no</a>, eller leiar Endre Brunstad på telefon 55 58 83 99 eller på e-post: <a href="mailto:endre.brunstad@nor.uib.no">endre.brunstad@nm.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no