Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 9. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil nynorsken vel, men lite konkret

 (29.08.2003)

Pressemelding. 29.08.03. Noregs Mållag er nøgd med at regjeringa gjennom Kulturmeldinga legg opp til ein heilskapleg språkpolitikk som vert integrert i den allmenne kulturpolitikken. Mållaget er vidare nøgd med målet om å styrkje nynorsken og den språklege jamstellinga i Noreg.

- Kulturmeldinga ser på nynorsken som ein ressurs, ikkje som eit problem, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Denne positive vinklinga viser vidsyn. Kulturmeldinga skil seg positivt ut frå andre statlege innstillingar, til dømes innstillinga frå det statlege Kvalitetsutvalet som heilt ignorerer nynorsken. Ei auka løyve til Samlaget er med på å betre vilkåra for å gje ut nynorsk litteratur.

- Noregs Mållag er derimot uroa over at Kulturmeldinga er så lite konkret med verkemidla på tunge språkpolitiske område. Særleg vonbrotne er vi på spørsmålet om verkeområdet for mållova. Ut frå lesinga så langt må det til langt meir forpliktande utsegner, slik at ikkje intensjonane i mållova vert brotne gjennom statlege omorganiseringar, seier Endre Brunstad.

– Kulturmeldinga kjem heller ikkje med konkrete framlegg til korleis diskrimineringa av nynorskbrukarar skal stoggast på det språkteknologiske området. Noregs Mållag går inn for ei statleg innkjøpsordning som krev programvare både på nynorsk og bokmål, slår Endre Brunstad fast.

Det manglar òg ei konkretiseringa av korleis ein norsk språkbank skal byggjast opp. Dessutan har Kulturmeldinga ikkje noko nytt i høve til det som tidlegare er sagt om arvtakaren etter Norsk språkråd. I forminga av eit nytt språkpolitisk organ trengst det ein idédugnad som involverer fleire deltakarar.

Noregs Mållag ser fram til å møte kulturministeren for å diskutere korleis dei mange gode intensjonane kan verte realiserte gjennom konkrete tiltak, seier Endre Brunstad.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no