Melding. 26.08.03. Det er skuledebattar på dei vidaregåande skulane denne veka. Nokre debattar vert meir hardslåande enn andre. På Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vart nynorsken ei av dei viktigaste sakene!
Vegard Eriksen frå Firda Målungdom stilte første spørsmål: «Her på Sandane finn de Norsk Målungsom sitt største lokallag. I den samanheng burde det vere naturleg for dykk å ta opp målsaka. Kva har de, som våre politikarar, tenkt å gjere for å betre vilkåra åt nynorskelevar?»
Vegard Eriksen hausta trampeklapp for dette spørsmålet. Politikarpanelet måtte svare etter tur:
KrF: Vi i KrF tek nynorsken på alvor! Til dømes redda Valgerd Svarstad Haugland NRK Sogn og Fjordane og har gjort sitt til at vi har fått eit Nynorsk kompetansesenter.
Venstre: Nynorsk er ei viktig sak.
Høgre: Dette er vel ein delvis kritikk av Høgre. Eg må seie eg vert litt flau over Unge Høgre-gutane i Oslo som har så stor forakt for nynorsken. Eg tykkjer vi skal gje nynorsken gode kår.
Sp: Vi må behalde og styrke nynorsken!
SV: Klart vi vil styrke nynorsken!
RV: Eg er veldig for nynorsk og har arbeidd mykje med haldningar i forhold til eigne partifeller! Stortinget vedtok jamstelling mellom nynorsk og bokmål i 1885 og sjølv om staten aldri har gjeve oss denne jamstellinga, må vi forsetje og kjempe for den. Dessutan går barnebarnet mitt i nynorskklasse i Oslo!
Ap: Nynorsk er bra. Vi må halde på nynorsken!
FrP: Vi er for valfritt sidemål. Vi vil at folk skal velja sjølv.
(tilløp til spredd buing i salen)
Deretter stilte Hanne Karin Sunde spørsmål om kva som eigentleg stod om nynorsk i partiprograma. Ho fekk til svar at både RV, Senterpartiet og SV hadde fått med seg nynorsken i partiprogramet i fylket.
Etter denne runda var det ingen som var i tvil om at elevane på Firda vgs. vil ha klare svar frå politikarane om nynorsk.
Elevar som er opptekne av nynorsk: Frå venstre: Vegard Eriksen, Hanne Karin Sunde og Line Lervik Midtbø. (Foto: Hege Lothe)
Stort bilete av dei tre finn du <a href="http://www.nm.no/filer/Firda_NMU_.jpg">her</a>.