Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ungdom vil ha sidemål!

 (25.08.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom, 25.08.03. ”Ja til sidemål!” seier seks av dei største ungdomspartia på eit flygeblad om sidemålsordninga som Norsk Målungdom står bak. Slik slår dei attende utspelet frå byrådsleiar i Oslo, Erling Lae i VG i dag, om at sidemålsordninga må gjerast valfri.

Sosialistisk Ungdom, Kristeleg Folkepartis Ungdom, Raud Ungdom, Senterungdomen, AUF og Unge Venstre vil saman med Norsk Målungdom nytta flygebladet under valkampen i haust. ”Dette flygebladet syner at det er stor politisk semje om at sidemålsordninga framleis bør vera obligatorisk”, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Gustavsen.

”I dag er ofte sidemålsundervisinga dårleg, og lærarane er umotiverte. Dette gjev elevane eit dårleg forhold til sidemålet. I staden for å kutta ut den dårlege undervisinga, ynskjer me heller å betra henne. Det er synd om elevane sine fordomar til faget skal få avgjera om det er viktig eller ikkje å læra nynorsk,” avsluttar Gustavsen.


For meir informasjon, kontakt Norsk Målungdom 22 47 71 16, eller leiar Fredrik Gustavsen 45 20 52 78

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no