Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget utfordrar Sylfest

 (22.08.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 22.08.03. Noregs Mållag ynskjer Sylfest Lomheim lukke til som direktør for det nye språkpolitiske organet som skal avløyse Norsk språkråd.
Språkdirektøren får mange utfordringar: Norsk språk er pressa, og det trengst ein sterk innsats for å styrkje språkpolitikken.

- Det er særleg viktig å arbeide for statusen til norsk overfor engelsk, og å gjere jamstellinga mellom nynorsk og bokmål reell. Vidare må det til ei meir offensiv satsing for å møte lese- og skriveproblem, fleire morsmålsgrupper og ny språkteknologi, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

- Noregs Mållag ser det som avgjerande at det nye språkpolitiske organet vert utoverretta, og utviklar vidare den folkelege interessa for språkspørsmål. I den samanhengen er det viktig å trekkje med Noregs Mållag og andre. Det må sikrast representasjon frå fleire språkpolitiske deltakarar.

Noregs Mållag utfordrar òg Sylfest Lomheim til å tenkje nytt om lokaliseringa av det nye språkorganet. Kvifor ikkje flytte det nye språkorganet ut av Oslo -til dømes til Bergen?

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag 926 60 175 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no