Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samlaget la fram haustlista 2003

 (19.08.2003)

Melding. 19.08.03. Det Norske Samlaget la fram si 136. haustliste i dag, ei liste som byr på 114 nye titlar. Samlaget har i år heile sju skjønnlitterære debutantar, og aldri tidlegare har forlaget hatt så mange barnebøker på lista, 44 titlar.

Audun Heskestad opna pressekonferansen med å kommentere den aktuelle bransjesituasjonen.

Forlagssjef Audun Heskestad sa i innleiinga mellom anna:
"Den mest aktuelle problemstillinga i bransjen kan oppsummerast slik: Er bokbransjen ein del av underhaldningsindustrien eller av kulturindustrien? Dette blir drøfta ope i europeiske fora og med stor usemje. Alle kjenner utviklinga av andre media i retning rein underhaldning. I bokbransjen med over 7000 nye bøker i året, er mangfaldet langt større. Ein overgang frå faste til frie prisar vil etter mi meining vere å framskunde utviklinga av bokbransjen til ein del av underhaldningsindustrien, slik vi ser klare døme på i dei landa der fripris alt er innført. Det vil då bli naudsynt å endre stimuleringa av bokbransjen dramatisk for å halde oppe boktilbodet, stimulere utviklinga av dei norske skriftspråka og sikre eit godt distribusjonsnett for heile landet. Vi vil måtte få nye ole.jacob.hoel@adresseavisen.nostøtteordningar til lokalbokhandlarar som hittil har greidd seg på eiga hand. Kvar skal slike pengar kome frå?

Ved ikkje å drøfte ope kva oppgåver og plikter bransjens særstilling medfører, har bransjen kome ned i ei grøft. Det er derfor gledeleg at forlaga no samla ser ut til å gå inn for ein særleg litteraturavtale. Det er viktig at aktørane i bokbransjen blir samde.

Det er kommuneval i år. Etter mi meining må alle dei som er interesserte i at kulturlivet skal utviklast i lokalsamfunna, samle seg og krevje svar frå kandidatane om haldninga deira til det økonomiske rommet for kulturlivet. For oss i ”kunnskapssamfunnet” er ikkje minst stillinga til biblioteka viktig. Er det midlar for å kjøpe inn nye bøker, utvide opningstida, halde på kvalifiserte medarbeidarar og ha lokale der folk er? Eg oppmodar til å kartleggje kandidatane og kumulere fram dei som støttar kulturen. Andre har gjort det før med godt resultat. No må dei kulturinteresserte vise si makt!"

Redaksjonssjef Nina Refseth la fram årets haustliste hos Samlaget:
Breidda i haustlista kjem blant anna til uttrykk hos dei sju debutantane våre der ei rekkje sjangrar er representert. I vår kom diktsamlinga Solkant av Hildegunn Dale. Resten av debutantane kjem i haust. Thore Eithun Helland har skrive romanen Bitterhonning blues. Norsk science fiction er ikkje noko daglegdags syn, men Ørjan Dranges leverer nettopp det i Under steinbølgene. Sigmund Løvåsen har skrive oppvekstromanen Nyryddinga. Sargasso er tittelen på Atle Hansens kjærleiksroman, medan Hilde Kvalvaag debuterer med ungdomsromanen Hjarteklapp og Mary Bente Bringslid gir ut noko så gledeleg som ei diktbok for barn, Dei blå revane heiter den.

Den skjønnlitterære lista er prega av sterke kvinnelege forfattarar. Ein forfattar mange har venta på er Eva Jensen er tilbake med boka Gullkunde. Eit anna eksempel er Rønnaug Kleiva som har skrive romanen Ingen reell fare. På lyrikklista finn vi i år fleire av dei etablerte ringrevane, med sikkert grep om poesien og publikum, Einar Økland, Helge Torvund og Arnljot Eggen står alle på haustens liste.

Eit anna høgdepunkt på lista er biografiane. Samanhengen mellom litteratur og levd liv skapar framleis debatt. I år presenterer vi to skjønnlitterære biografiar, begge om lyrikarar med dramatiske liv. I den gripande og allereie omdiskuterte biografien Svidd sjel fortel Otto Hageberg om den dramatiske samanhengen mellom litteraturkritikar og lyrikar Ragnvald Skredes liv og verk. Skredes diktekunst hadde sine røter i ei svært tragisk livshistorie. Jan Olav Gatlands Det andre mennesket handlar om Åsmund Sveen som blei rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Men etter at han gjekk inn i NS under krigen og aktivt støtta Quisling, blei han tagd i hel i det litterære miljøet. Norsk arkitekturhistorie av Nils Georg Brekke, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau omhandlar tida heilt frå steinalderen fram til i dag, og er såleis eit eineståande verk.

I reportasjeboka Tett på Asia. Kjersti Strømmen, Beijing fortel Strømmen om det ofte dramatiske tilveret som korrespondent i Asia. Humoren står som vanleg sterkt, med namn som Arthur Arntzen og Per Inge Torkelsen på lista. Årets barnebokliste er rekordstor, og inkluderer mellom anna nissebok frå Torvald Sund og novellesamling frå Erna Osland.

Halvdan Koht-stipendet for 2003 vart delt ut til Linda Eide og Lars Nyre for bokprosjektet Lyd i journalistikk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no