Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Studentar i målstrid i 100 år!

 (12.08.2003)

Melding. 13.08.03. I desse dagar kjem boka Studentar i målstrid – Studentmållaget i Oslo 100 år ut. Boka er ikkje berre lagshistoria til det kanskje viktigaste mållaget i landet, ho dokumenterer òg viktige delar av norsk politisk- og samfunnshistorie.

- Arbeidet med dette bokverket har teke seks år, og har vore eit stort løft for Studentmållaget, fortel Erik Bolstad, leiar i sogenemnda i laget. I boka freistar vi dokumentere kor viktig målrørsla har vore for delar av den norske samfunnsutviklinga, og ikkje minst vise innverknaden til eit lag som Studentmållaget i Oslo.

Studentmållaget i Oslo har stått sentralt i målarbeidet heilt sidan laget vart skipa i 1900. Arbeidet har sett far etter seg, sjølv om det særs ofte har vore omstridd. Medlemer i laget har sett preg på norsk samfunnsliv gjennom politikken, kringkastinga, pressa, kyrkja, forlaga og andre institusjonar. Laget har fått rolla som det leiande laget i målrørsla, og ei rad framståande personar i norsk samfunns- og kulturliv har vore innom laget. På – den mannsdominerte – lista over leiarar finn ein mellom andre Leiv Heggstad, Idar Handagard, Olav Midttun, Didrik Arup Seip, Arne Bergsgård, Gustav Indrebø, Kaare Fostervoll, Olav Dalgard, Olav Rytter, Sigmund Skard, Bjarte Birkeland og Steinulf Tungesvik. I periodar har talemåtar som “vår mann i regjeringa” og ”kringkastingssjefen vår” vore nytta i laget.

- Det er inspirerande å sjå kor mykje friviljuge organisasjonar kan få utretta, seier Vidar Lund i sogenemnda i Studentmållaget. Med få midlar og under vanskelege tilhøve klarte Studentmållaget å gje ut den fyrste nynorske Bibelen, over 400 000 eksemplar av serien Norske Folkeskrifter og å drive eige forlag for å skaffe nynorske lærebøker. Forlags­verksemda er ikkje det einaste imponerande i laget – det politiske arbeidet har òg vore viktig: Før unionsoppløysinga i 1905 organiserte og delvis finansierte Studentmållaget eit eige republikkontor med agitasjon for ein norsk republikk. Seinare har ein halde fram arbeid mot unionane, seinast i 1972 og 1994.

I boka gjev forfattarane innblikk både i dei store linjene og i det daglege strevet i laget. Spennet er stort: Fest og moro, ordskifte om emne i tida, omfattande bok- og bladutgjeving, arbeid for distriktshøgskular, dialektreising og arbeid for nynorsken. I mange saker var innsatsen til Studentmållaget avgjerande for utfallet.

---

Studentar i målstrid er skrive av Olaf Almenningen, Oddmund Løkensgard Hoel, Geir Martin Pilskog og Håvard Tangen. Boka er på 354 sider, og er gjeve ut av Det Norske Samlaget. Utsalsprisen er 298 kr.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no