Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skal ikkje hovudstadsuniversitetet vere nasjonalt?

 (25.06.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 25.06.03. Universitetet i Oslo har sendt brev til departementet der dei ber om å få sleppe å følgje mållova sitt krav til nynorskbruk som gjeld for alle dei nasjonale statsinstitusjonane.

– Det er svært alvorleg at det første og største universitetet i landet ikkje lenger vil sjå seg sjølv som eit nasjonalt universitet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Det har fram til no hatt som føremål å utdanne folk som kan fylle alle funksjonar i det norske samfunnet. I det heile teke representerer utspelet frå Universitetet i Oslo ei ny universitetspolitisk tenking der Oslo ikkje lenger er hovudstad, universitetet ikkje lenger er nasjonalt, og der dei overordna politiske måla for Universitetet er fråverande.

– Medan dei andre universiteta i Noreg definerer seg som både regionale, nasjonale og internasjonale institusjonar, vil altså hovudstadsuniversitetet berre vere eit regionsinstitusjon for indre austlandet. Dette er ikkje ein god måte å syne fram mangfaldet på, slår Endre Brunstad fast.

Mållova krev at nasjonale statsinstitusjonar skal nytte minst 25% nynorsk og bokmål. Universitetet i Oslo har i dag ein nynorskbruk på i underkant av 10%.
– Å halde seg med ein god språkpolitikk er ikkje nødvendigvis alltid lett. Men universitetet i Oslo har nokre av dei beste undervisningskreftene i landet på lønningslista si. Dessutan finst det enkle omsetjingsprogram og til hausten kjem nynorsk programvare. Kvifor kan ikkje ein av dei fremste utdanningsinstitusjonane i Noreg nytte seg av desse ressursane, spør Endre Brunstad.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Sigrun Høgetveit Berg, nestleiar i Noregs Mållag, 977 16 120 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no