Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For lite nynorsk og dialekt i barne- og ungdomsprogram i NRK og TV2

 (10.06.2003)

Lesarbrev.10.06.03. Kringkastingsringen har drøfta spørsmålet om bruken av nynorsk i barne- og ungdomsprogramma i NRK og TV2. Etter vår meining er det altfor lite nynorsk i desse programma som mange følgjer over heile landet.

I NRK har det i perioden frå januar til april vore 16 prosent nynorsk i barne- og ungdomsprogramma. Dette er 10 prosent under Stortinget si målsetjing om minst 25 prosent nynorsk. TV2 fører ikkje nokon nynorskstatistikk over barneprogramma, men det er liten grunn til å tru at nynorskprosenten er høgare der.

Dei yngre får sjeldan høve til å sjå og høyre program på nynorsk og dialekt. Det bør derfor verta lagt vekt på program med innslag på dialekt og nynorsk, slik at born og unge får høve til å utvikla eit positivt og naturleg forhold til sin eigen dialekt. Det er viktig at NRK og TV2 tek opp spørsmålet om målbruk i barne- og ungdomsprogramma så snart råd er, slik at nynorsk- og dialektinnslag får ein rettkomen plass her.

Unn Aarrestad
Styreleiar i Kringkastingsringen

Unn Aarrestad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no