Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag har ledig stilling i 50 %

 (10.06.2003)

Melding. 10.06.03. Noregs Mållag lyser ut stilling som Vestlandsskrivar.

Noregs Mållag søkjer etter ein allsidig, kreativ, ryddig, sørvisinnstilt og fleksibel person som ønskjer å arbeide som:

Vestlandsskrivar
· Organisasjonsbygging / -styrking på Vestlandet ved å gjennomføra utettervende arbeidsoppgåver og større prosjekt
· Organisasjonsutvikling og planarbeid
· Verving
· Inntektstiltak

Kontorstad Bergen


For stillinga gjeld:

Du bør ha relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå organisasjonsarbeid. Arbeidet krev evne til sjølvstendig arbeid, og fører med seg ein god del reising.

Alle medarbeidarane må dessutan vere budde på å ta andre oppgåver når det er naudsynt.

Stillinga samarbeider nært med dagleg leiar, informasjonskonsulent og organisasjonskonsulent.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 17 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål må sendast til Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo, innan 18. juni 2003.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Gro Morken Endresen på telefon 22 47 71 00 eller på e-post: <a href="mailto:gro.morken@nm.no">gro.morken@nm.no</a>, eller leiar Endre Brunstad på telefon 55 58 83 99 eller på e-post: <a href="mailto:endre.brunstad@nor.uib.no">endre.brunstad@nm.no</a>

Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsken og dialektane. Vi har i dag 10600 medlemer i om lag 200 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar på halvtid og landsmøte kvart år. Skrivarstova har i dag sju stillingar og held til i moderne lokale i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen HSH med pensjonsordning for dei tilsette.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no