Kan nynorskfolk lite på Høgre?
(03.06.2003)
Pressemelding. 30.05.03. Fylkesordførarkandidaten for Høgre, Tom-Christer Nilsen, vil ha sidemål som valkampsak. I Bergensavisen 27. mai seier han at Høgre vil gå inn for å gjere sidemålsundervisninga valfri i den vidaregåande skulen i Bergen.
- Dersom Nilsen er korrekt sitert, kan Høgre gå ein tøff valkamp i møte. For Tom-Christer Nilsen viser påfallande mangel på kunnskap og lite syn for kulturpolitikk, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
- Det fyrste bomskotet kjem når Nilsen trekkjer inn internasjonale lesetestar som argument mot sidemålsundervisning. Nilsen viser til Finland, som ligg på topp i lesetestar, og påstår at ein der kan konsentrere seg om eitt nasjonalspråk. Han gløymer at Finland faktisk har to offisielle skriftspråk, finsk og svensk, og obligatorisk opplæring i båe to!
- Det andre bomskotet kjem når Nilsen påstår der er samanheng mellom dårleg lesekunnskap i Noreg og obligatorisk opplæring i sidemål. Nilsen kunne ha spurt Senter for leseforsking, Høgskolen i Stavanger, som i brev til Noregs Mållag avviser slike påstandar. Kvar Nilsen har henta sine inntrykk frå, må han svare for.
- Det tredje bomskotet kjem når det vert hevda at frigjering av tid frå sidemål vil gjere lesekunnskapen betre. Her må Nilsen kome med dokumentasjon.
- Det er ille at ein fylkesordførarkandidat i nynorskfylket Hordaland kan kome med slike dårleg underbygde påstandar, seier Brunstad.
- Det er òg ille at Tom-Christer Nilsen ikkje er i stand til å sjå verdien av sidemålsundervisning nettopp i Bergen. Bergen er for det fyrste hovudstaden for eit nynorskområde. Sidemålskunnskap hos bokmålsbrukarar her er noko som tryggjer rettane til nynorskbrukarar i Hordaland. Då må ein òg ha opplæring i nynorsk.Dernest har Bergen eit sterkt nynorskmiljø gjennom mange nynorskbrukarar og institusjonar. Og det finst nynorskklassar i Bergen.
- Det mest alvorlege er likevel den manglande sansen for kulturpolitikk som Høgre sin fylkesordførarkandidat gjer seg til talsmann for, seier Brunstad. Kva med å sjå på den norske tospråkssituasjonen som ein rikdom? Kva med å lære av nettopp Finland? Internasjonale samanlikningar talar faktisk for sidemålsundervisning.
- Eg veit at mange gode høgrefolk mislikar slike utspel som Nilsen kjem med. Det gjeld ikkje berre høgrefolk i Noregs Mållag eller dei mange høgrefolka som elles bruker nynorsk. Det gjeld òg verdikonservative bokmål- og riksmålsbrukarar med sans for danning og kultur. Mange høgrefolk ynskjer ei styrking av kunnskapsnivået, og sidemålet utgjer ein sjølvsagt del av allmennkunnskapen til nordmenn. Eg synest Tom-Christer Nilsen har snubla i startgropa til valkampen. Han har like fullt sjansen til å gjere ting betre. Skal han verte vald i haust, er ikkje det så dumt, seier Brunstad.
For meir informasjon: Endre Otto Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 926 60 175 (m).
|
|