Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Aksjon for å slå inn opne dører?

 (08.05.2003)

Kommentar i Nytt om nynorsk. 07.05.03. I mars avgjorde Noregs Mållag at på aksjonsdagen i år skal vi slå eit slag for folkebiblioteka.

Bakgrunnen var framlegget frå regjeringa om at det ikkje lenger skal vera pålagt å ha bibliotek i kvar kommune.

Medan aksjonsmateriellet vårt vart produsert på trykkeriet, snudde Valgerd Svarstad Haugland. Lovkravet står fast i det framlegget som gjekk gjennom statsråd 30. april. Noregs Mållag vakla i nokre få timar; skulle vi avlysa aksjonen eller ha ein aksjon for eit allereie vunne krav? Vi hadde gjerne sett at avgjerda frå statsråden kom etter aksjonsdagen vår, ikkje før. Dét har vi trass alt vore godt vande med tidlegare.

Laurdag 10. mai køyrer vi aksjon med full tyngd. Kravet vårt er «slå ring om biblioteka». For det fyrste har statsråden varsla at ho opnar for forsøksverksemd der ein samarbeider om bibliotektenester over kommunegrensene. Vi merkar oss at forsøka ikkje skal botna i innsparing, men i ynske om betre bibliotektilbod. For det andre skal det koma ein større revisjon av biblioteklova, kanskje alt i 2004. Det er no målfolk og andre har høve til å markera kor viktige folkebiblioteka er. Når lovrevisjonen kjem, vil standpunkta «folket» fremjar sikkert vegast mot dei spanande og innsparande forsøka som er gjorde over kommunegrensene i perioden. Då kan ein vårleg siger i denne venda raskt enda med tap i siste runden.

Vår aksjon er ikkje berre ein aksjon for vern av eksisterande gode. Vi vil ha meir! Vi vil ha fleire bibliotekfilialar. Vi vil auka opningstidene og dermed tilgjenget for folk. Vi vil ha større budsjett til innkjøp av bøker på kvart bibliotek. Vi vil ha innkjøpsordning for faglitteratur på norsk. Vi vil ha gode kulturtilbod for alle aldersgrupper på biblioteka, ikkje minst for borna.

Vi vil ganske enkelt slå ring om biblioteka, og vi vil ha hjelp frå alle lokallaga våre til å gjera den ringen stor nok til å inkludera alle eksisterande bibliotek og fleire til.

God aksjon!

Gro Morken Endresen
dagleg leiar

Les meir om aksjonen <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/9377/41032">her</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no