Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2003 til Ola Jonsmoen

 (07.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 08.04.03. Noregs Mållag har gjeve sin årlege Målpris til Ola Jonsmoen.
– Eit særmerke med Ola Jonsmoen er hans breie engasjement i samfunns- og kulturliv og hans arbeid for nynorsk, sa Sigrun Høgetveit Berg, nestleiar i Noregs Mållag under utdelinga.

Vidare i grunngjevinga heiter det: Ola Jonsmoen han vore og er særs aktiv som mellom anna politikar og organisasjonsmenneske, som forfattar og dramatikar, som kåsør og avisskribent og som kulturarbeidar og innovatør i den lange innsatsen i og for norsk skole. På mange av desse områda har Ola Jonsmoen sin innsats vore av nasjonal eller nordisk karakter.

Den høge faglege kvaliteten på Jonsmoen sitt arbeid kombinert med breidda i verksemda saman med lengda i engasjementet vitnar om ei uvanleg skaparevne som har medverka til å gjere nasjonen rikare.

Ola Jonsmoen er fødd i Alvdal 9.juli 1932 og vart etter endt utdanning ved Universitetet i Oslo, tilsett som lektor ved Tynset Gymnas (seinare Nord-Østerdal vidaregåande skole) i 1962. Han var ein dyktig og populær pedagog og ein visjonær skoleleiar som var opptatt av skolen både som utdanningsinstitusjon og samfunnsaktør. Garborgdagane vart også til som eit resultat av samarbeid mellom skolen i hans rektortid og andre aktørar. Takk vere mellom andre Jonsmoen er ny kunnskap om Hulda og Arne Garborg si dikting og deira liv vorte gjort tilgjengeleg.

Jonsmoen debuterte som forfattar i 1959 med lyrikksamlinga «Dagen, vinden og hjartet». Han har skrive og skriv framleis romanar, dikt, noveller og drama.

Ola Jonsmoen har kåsert i NRK i fleire tiår, kjent og kjær for heile det norske folk mellom anna som morgonkåsør i programmet «Som dagane går». Ungar har gjennom fleire tiår kunne gle seg over forteljingane hans i Norsk Barneblad.

Hans sterke kultur- og samfunnsengasjement har gjort at han har hatt og har ei rad ulike verv, mellom anna styret i Det Norske Studentersamfund, Studentmållaget i Oslo, Noregs Mållag, Austmannalaget, Alvdal Mållag, Norsk kulturråd, Venstre, Norsk språkråd, fylkeskulturstyret, Alvdal kommunestyre, Hedmark Forfatterlag, Organisasjonen Garborgdagane og Statens seniorråd.

For meir informasjon og nedlasting av pressebilete: Sjå www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no