Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stø opp om biblioteka!

 (07.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 07.04.03. Noregs Mållag krev lokale bibliotek i alle kommunar.
– Vi går difor i mot lovframlegget om at det ikkje skal vere ei plikt for kommunane å ha eit bibliotek for innbyggjarane sine, og at biblioteksjefen ikkje treng å vere fagutdanna, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
– I staden for den raseringa av bibliotektilbodet som ligg i lovframlegget bør vi tvert i mot styrke biblioteka!

Biblioteka i Noreg er viktige for både unge og eldre folk. Det er ein arena for kulturoppleving. Dessutan er biblioteket ein av dei få møteplassane i lokalsamfunna der folk kan møtast utan kjøpepress, men derimot til lesing og høgtlesing. Noregs Mållag meiner at biblioteka støttar opp om og held levande ein viktig del av den språklege kulturarven, sa eit samla landsmøte i Noregs Mållag.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

For nedlasting av pressebilete og informasjon om landsmøtet i helga sjå www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no