Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ta i bruk NynorskPluss+!

 (07.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 07.04.03. Noregs Mållag helsar det nye nettbaserte programmet NynorskPluss+ velkome.
– Noregs Mållag vil oppmode både nynorskkommunar og språknøytrale kommunar, skulane og lærarane om å ta i bruk dette nye gratistilbodet for vaksne framandspråklege, seier Endre Brunstad, nyvald leiar i Noregs Mållag.
Endeleg kan vaksne framandspråklege i Noreg få høve til å lære seg nynorsk. Dette er eit viktig gode, både for dei framandspråklege og for nynorsken, seier Brunstad.

Det nye NynorskPluss+ er i dag det mest moderne opplæringsverktøyet i Noreg.

Forundersøkinga syner at det er over 2 000 framandspråklege i Noreg som vil nytte dette nynorske læreverket, slår Endre Brunstad fast. Utfordringa er å få NynorskPluss+ i bruk så raskt som mogleg.

Allereie i 1985 vedtok landsmøtet i Noregs Mållag å krevje at innvandrarar i Noreg burde få lære nynorsk. Landsmøtet i Mållaget gledde seg over at framandspråklege no får høve til å lære seg nynorsk.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

For nedlasting av pressebilete og informasjon om landsmøtet i helga sjå www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no