Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endre Brunstad er ny leiar i Noregs Mållag

 (06.04.2003)

Pressemelding 06.04.03. Eit samla landsmøte i Grimstad valde Endre Brunstad (35) som ny leiar i Noregs Mållag. Endre Brunstad kjem opphavleg frå Sykkylven og arbeider til vanleg som postdoktor ved Universitetet i Bergen.
- Dette vert eit viktig år for språk- og kulturpolitikk i Noreg. Ei spennande utfordring gjeld omforminga av Norsk Språkråd til eit nytt språkpolitisk organ. Noregs Mållag har klåre synspunkt på kva det skal arbeide med, og vil ha ei klår offensiv satsing på språkpolitikk som del av den allmenne kulturpolitikken, seier Endre Brunstad, nyvald leiar i Noregs Mållag.
- Noregs Mållag utfordrar Kultur- og kyrkjedepartementet til full høyringsrunde om den nye språkpolitikken.

Noregs Mållag er dessutan oppteken av regionalutvikling. I dag skjer mykje av regionalpolitikken utan at ein tek omsyn til kultur- og identitetsspørsmål. Noregs Mållag vil vere med på å påverke regionaliseringspolitikken.
- Regionaliseringa kan kanskje fremje bruken av nynorsken på nye samfunnsområde, til dømes næringsliv. Det må dessutan vere mogleg å gjere vestlandsbyane Ålesund, Bergen, Haugesund, Stavanger og Sandnes til nynorskbyar, seier Endre Brunstad.

Internasjonale spørsmål har òg stått i fokus på landsmøtet. Målsaka har mange internasjonale parallellar, og Mållaget søkjer internasjonale alliansepartnarar.

Endre Brunstad får med seg eit sterkt styre. Ny nestleiar i Mållaget er Sigrun Høgetveit Berg (30) frå Tromsø. Dei andre styremedlemene er Elisabeth Bakke frå Oslo, Anne Steinsvik Nordal frå Volda, Astrid Marie Nistad frå Sogndal og Karstein Bjørge frå Sund i Hordaland. Gudrun Kløve Juuhl er styrerepresentant vald av Norsk Målungdom. Varafolk til styret er Nils T. Ulvund frå Ålvundeid, Bodil Haug frå Valdres, Hans Olav Brendberg frå Vefsn og Kjellaug H. Brørs frå Surnadal.

Nedlasting av pressebilete sjå http://www.nm.no/

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Sigrun Høgetveit Berg, nestleiar i Noregs Mållag, 977 16 120 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no