Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til redaktør Sigurd Haugsgjerd

 (04.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 04.04.03. På landsmøte i Noregs Mållag i Grimstad i dag fekk Sigurd Haugsgjerd, redaktør i Setesdølen, utmerkinga Målblome 2003. Han får målblome fordi han har gjort ein unik innsats for nynorsken på Agder.

– Som redaktør i Setesdølen har han stått støtt på at nynorsk skal vera eit viktig kjenneteikn for både avisa Setesdølen og regionen, sa Sigrun Høgetveit Berg, fungerande nestleiar i Noregs Mållag, under utdelinga.

Han har gjort nynorsken til avismål for Setesdal og kommunane rundt, og bygd opp den einaste nynorske avisa i landsdelen, slik at ho i dag har over 4500 tingarar.

Den journalistiske læra hadde han i Gula Tidend under Per Håland. Det har nok sett merke.

Meir informasjon om landsmøtet i Noregs Mållag og nedlasting av bilete kan de finn på www.nm.no

Eller kontakt Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m).







Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no