Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inger Bråtveit er tildelt Nynorsk litteraturpris 2002

 (04.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 04.04.03. Sperrefrist: kl. 12.00.

På landsmøtet i Noregs Mållag i Grimstad i dag blir debutanten Inger Bråtveit tildelt Nynorsk litteraturpris 2002 for boka Munn mot ein frosen fjord. Utdelinga er på landsmøtet, Norlandia Sørlandet Hotell, klokka 13.45.
Juryen har kome med denne grunngjevinga for Nynorsk litteraturpris 2002:

Nynorsk litteraturpris 2002 går i år til ein debutant. Det har ikkje skjedd før og er i seg sjølv verd å merkje seg. I tillegg er det ein særs ung debutant vi her talar om. Denne nye, unge forfattaren har skrive ein roman som skil seg ut både når det gjeld innhald og form.

Prisromanen handlar om sorg, om skuld, om sakn - formidla gjennom ein slags poetisk surrealisme: gjennom draumeaktige fantasiar, restar av rim, reglar og songar i kulturen og gjennom skarpe bilete og situasjonar.

Den som opplever, er eit barn, ei jente. Gjennom barnets kjensler, blikk og sansar blir lesaren ført inn i ei verd der noko så grenselaust vondt er skjedd at det vanlege kvardagsspråket ikkje har ord, ikkje kan bere smerta fram. I glimt og i gåter, blir brokkar og bitar av ei bakgrunnsforteljing gradvis avdekt: I ein frosen fjord ligg ei søster.

Rundt barnet er ein far, ei mor, ein bestefar og ei bestemor. Alle har dei nok med sitt. Alt er useieleg.

Men det poetiske språket kan formidle noko kvardagsspråket ikkje kan. Gjennom fantasiar og poetiske omskrivingar kan sorg og saknad få sine uttrykk. Eit poetisk sorgarbeid. Ein svart fugl mistar si hakkande makt over ho. Som i ein draum kan ho sjå den vesle systera si forsvinne inn i skogen tett saman med den svarte katten sin.

Det er ei stor glede for juryen å gje Nynorsk litteraturpris 2002 til Inger Bråtveit for romanen Munn mot ein frosen fjord. Boka er kome ut på Tiden.

Desse sit juryen for Nynorsk litteraturpris 2002:
Sylvie Penne
Tone Ringen
Gunnar Foss

For nedlasting av pressebilete og meir informasjon om landsmøtet: Sjå www.nm.no
eller ring informasjonskonsulent Hege Lothe, 926 48 348 (m).


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no