Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hans Sande og Gry Moursund er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2002

 (04.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 04.04.03. Sperrefrist: Klokka 12.00.
På landsmøtet i Noregs Mållag i Grimstad vert det offentleggjort at forfattaren Hans Sande og illustratøren Gry Moursund er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2002 for biletboka Arkimedes og rulletrappa.

Grunngjeving frå juryen for Nynorsk barnelitteraturpris 2002:
Biletbøkene spelar ei særleg rolle innanfor barnelitteraturen. Det er gjerne med biletboka barnet får dei første lesaropplevingane sine. Derfor er biletboka viktig. I norsk barnelitteratur har vi vore heldige dei siste åra. Fruktbare samarbeid mellom forfattarar og illustratørar har resultert i mange gode biletbøker. Hans Sande og Gry Moursund er eit døme på slike fruktbare kunstnarsamarbeid. I 2000 gav dei ut boka Arkimedes og brødskiva og i 2002 kom oppfølgaren Arkimedes og rulletrappa. Med desse bøkene plasserer Sande og Moursund seg i toppsjiktet av nyare norske biletbokskaparar. Nynorsk barnelitteraturpris 2002 går derfor til Hans Sande og Gry Moursund for biletboka Arkimedes og rulletrappa. Boka er gjeven ut på Gyldendal.

Arkimedes og rulletrappa er ei original, leiken og humoristisk biletbok. Forteljinga er enkel og stringent, slik at små lesarar lett kan følgje hendingane. Samstundes er ho overraskande og morosam, og har humoristiske innslag som er retta inn mot både små og større lesarar. Sande har lagt forteljinga i munnen på den barnlege hovudpersonen, Eureka, og samstundes som Sandes tekst har klare poetiske kvalitetar, har han lukkast i å framstille hennar stemme barnleg og truverdig. Moursunds burleske og fargesterke illustrasjonar gir liv og karakter til figurane i forteljinga. Her er idyllen ein elles ofte finn i biletbøker, fortrengt til fordel for fart, komikk og spennande perspektivbruk. Bileta er detaljrike, og ved nærare studium vil både små og store lesarar stadig oppdage element som gir forteljinga nye dimensjonar. Her finst allusjonar, frampeik og andre interessante grep.

Boka handlar om ei reise. Jenta, Eureka, og katten hennar, Arkimedes, får følgje med far til eit oppfinnarmøte i Oslo, der far kanskje skal bli berømt for dei firkanta såpeboblene han har funne opp. Reisa skjer på sykkel, med snøggbåt og med tog. Framme i Oslo får Arkimedes og Eureka køyre rulletrapp for første gong. Det er skummelt. Eureka er redd for knivane øvst i trappa. Og så skjer nett det mange barn har angst for: Dei kjem seg ikkje av rulletrappa, men blir dradd inn mellom knivane. Her glir forteljinga på burlesk vis over i det fantastiske. Eureka og katten blir kutta opp i strimlar, og så blir det oppfinnarane si oppgåve å setje bitane korrekt saman slik at det atter vert ei jente og ein katt. Situasjonen opnar for mykje komikk, og sjølvsagt blir det fleire rare feilkonstruksjonar før dei får det til. Og no vil ikkje far bli berømt lenger, han vil reise heim med katt og barn. Og slik endar alt godt.

Arkimedes og rulletrappa kan lesast som ein variasjon over den velkjende danningsreisa i barnelitteraturen. Men her er det ikkje den barnlege hovudpersonen, men far som dannast i løpet av turen. Han oppdagar at det er viktigare ting i livet enn å bli berømt. Farsrolla og det nære far-dotterforholdet er i det heile eit sentralt motiv i boka. Ein kan òg seie at boka tar tak i den redsla eller spenninga mange barn kjenner for å køyre køyrerulletrapp. Gjennom det fantastiske og absurde blir slik angst ufarleggjort i forteljinga.

Med denne boka har Sande og Moursund lukkast i å kombinere eit høgt kunstnarisk nivå med ei forteljing, ein dramatikk og ein humor som går rett heim hjå målgruppa. Dette er ei bok som vil glede både røynde og mindre røynde lesarar. Juryen gratulerer Sande og Moursund med Nynorsk barnelitteraturpris 2002. Vi ser gjerne fleire slike bøker.

Desse sit i juryen for Nynorsk barnelitteraturpris 2002:
Trude Hoel
Idar Stegane
Anna Beate Storm-Larsen

For nedlasting av pressebilete og meir informasjon om landsmøtet: Sjå www.nm.no

For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no