Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endre Brunstad innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (01.04.2003)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 02.04.03. Endre Brunstad har takka ja til å bli ny leiar i Noregs Mållag.

Han er 35 år, kjem frå Sykkylven, og er busett i Bergen. Han er utdanna
dr.art. med doktorgrad i nordisk språkvitskap. I dag er han tilsett som postdoktor ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Han har lang fartstid i mållaget og er spesielt oppteken av internasjonale spørsmål, kulturpolitikk og språkpolitikk i vid tyding.

– Noregs Mållag skal vere ein kulturpolitisk aktør som skal sjå målsaka i eit vidare perspektiv. Samstundes skal ein halde fram arbeidet med å fremje bruken av nynorsken, og hevde rettane til nynorskbrukarar, seier Endre Brunstad, påtroppande leiar i Noregs Mållag.

Nestleiarkandidat er Sigrun Høgetveit Berg. Ho er 30 år og kjem frå Hallingdal. Siste åra har ho studert i Tromsø der ho er i ferd med å avslutte hovudfag i historie. Begge to er samrøystes innstilte av valnemnda.

Det er landsmøte i Noregs Mållag på Norlandia Sørlandet Hotell i Grimstad fredag 4. til søndag 6. april 2003. Eit viktig emne på landsmøtet er vedtaket om kva mållaget vil med norsk språkpolitikk for framtida. Dessutan vert det viktige ordskifte om kva internasjonalisering og regionalisering tyder for nynorsken.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiarkandidat i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Sigrun Høgetveit Berg, nestleiarkandidat i Noregs Mållag, 977 16 120 (m)

Pressebilete til nedlasting. Sjå <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9368/9372">her</a>!


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no