Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturmeldinga - også på nynorsk?

 (01.04.2003)

Lesarbrev frå Kringkastingsringen. 01.04.03. Årsmøtet i Kringkastingsringen vil at dei språklege problemstillingane i media skal takast på alvor. Dette må koma til uttrykk i den nye kulturmeldinga.

I dag er det få andre grupper som har like stor makt og påverknadskraft som media når det gjeld kultur og språk. Samstundes ser ein at marknaden i stadig større grad får definera felta som media tek tak i. Dette kan verta eit demokratisk problem. For å motverka den einsrettinga denne utviklinga fører med seg, må styresmaktene aktivt vera med å regulera mediefeltet. Samstundes må det leggjast til rette for at andre grupper og stemmer skal koma til orde.

Det er særleg to område som Kringkastingsringen meiner ein bør leggja vekt på. Pressestøtta må oppretthaldast for at lokalaviser og riksdekkjande, meiningsberande aviser skal overleva. For at fleire aktørar skal sleppa til, bør det også vera aktuelt å auka pressestøtta. I tillegg er Kringkastingsringen særleg oppteken av dei språkpolitiske pliktene som allmennkringkastarane er pålagde. Styresmaktene bør i kulturmeldinga understreka dette klart og forpliktande overfor allmennkringkastarane, særleg ved utlysingar av nye konsesjonar.

Styreleiar i Kringkastingsringen
Unn Aarrestad

www.kringkastingsringen.no

Unn Aarrestad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no