Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir nynorsk i Kanal4

 (31.03.2003)

Lesarbrev frå Kringkastingsringen. 31.03.03
Årsmøtet i Kringkastingsringen meiner at Kanal4 må arbeida for å styrkja det språklege og kulturelle mangfaldet i Noreg.

Den spreidde organiseringa, med distriktskontor i dei fleste store byane, gir kanalen gode høve til å fungera som motvekt til den einsrettinga som finn stad i sentrale medieinstitusjonar. Dette gjeld ikkje minst på det språklege området.

Då kanalen signaliserer at dei ikkje vil operera med ei prosentvis fordeling mellom nynorsk og bokmål, vert det spesielt viktig å gjera journalistane i kanalen medvitne om dei språklege problemstillingane. Nynorsk og nynorsknære dialektar har generelt vorte nedprioriterte i media. Det er difor naudsynt å arbeida aktivt for ei jamstelling mellom nynorsk og bokmål og mellom dei ulike dialektane.

Det forpliktar å kalla seg Kanal4 - Stemmer frå heile landet. Kringkastingsringen meiner at kanalen må ta på alvor dei lovnadene som dette namnet fører med seg. Fyrst då kan kanalen oppfylla dei krava som ligg i allmennkringkastingsoppdraget: Å styrkja norsk språk, identitet og kultur.

Styreleiar i Kringkastingsringen
Unn Aarrestad

Unn Aarrestad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no