Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturkveldar for alle!

 (27.03.2003)

Melding. 27.03.03. Landvik Mållag har laga eit spennande kulturell råme for landsmøte i Grimstad.

Astrid Stuestøl Sandkjær, leiar i Landvik Mållag, gled seg til å ta imot utsendingane frå heile landet. I tillegg til at folk i Grimstad er velkomne til kulturkveldane. Vil du melde deg på? Kontakt Noregs Mållag!

Songkveld med Inger Lise
Laget tjuvstartar med kulturkveld dagen før dagen. Torsdag 3. april klokka 18.00 er det duka for song- og bokkveld på Landvik skule med den kjende songaren Inger Lise Stulien. Ho inviterer til allsong og vil syngja frå den nye songboka «Song for deg og meg» frå Blåmann Barnebokklubb. Born i alle aldrar er velkomne til ei flott kulturkveld!

Kulturkveld med snert
Det blir allsidig kulturkveld i samband med landsmøtet på Norlandia Sørlandet Hotell i Grimstad på fredagen frå klokka 20.00. Kvelden vil vera open for alle så langt plassen rekk. Revygruppa Complex som har spela for fulle hus i Agder Teater, kjem mellom anna med helsingar frå «Bondekvinnelaget i Høyvåg». Det blir song av Astrid Skarpengland, som framfører alt frå kveding og jazz til klassisk, og kåseri av Jan Kløvstad, for å nemne noko.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no