Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landvik Mållag - ein kulturberar i Grimstad

 (27.03.2003)

Melding. 27.03.03. Tilskiparlag for landsmøtet i Noregs Mållag i år er Landvik Mållag. Laget fylte 100 år i 1999 og har ein lang og stolt tradisjon for målreising og kulturarbeid.

Dei fekk innført nynorsken i både kyrkja og skulen på byrjinga av 1900-talet. Men på 50-talet vart nynorsken stemt ut båe stadene. I dag er det lite nynorsk i kyrkja og ingenting i skulen i Landvik. Laget hadde over 100 medlemer til 100-årsjubileet i 1999, takka vera stor innsats frå dåverande leiar, Per Yngvar Hardeberg. I dag har laget opp mot 70 medlemer, og jamn aktivitet. Laget deltek på sentrale tilskipingar i Noregs Mållag, skipar av og til fest på 17. mai, og har ein årleg kulturkveld som samlar mange.

Norsk Barneblad starta her
Ein av hovudmennene bak Landvik Mållag var Kristen Stalleland. Ved det gamle kommunehuset i Landvik er det reist ei statue til minne om barnevenen Stalleland, som var grunnleggjaren av Norsk Barneblad. Stalleland vende seg til borna på ein respektfull måte. Dette var ikkje sjølvsagt i 1887, og det var eit brot med den nedlatande og moralistiske tonen som hadde vore einerådane i barnelesnaden til då, skriv Gard Espeland, dåverande redaktør i Norsk Barneblad, i 100-årsskriftet til Landvik Mållag.

Starta Bondeheim
Mållaget har drive hotell og kafe i Grimstad. Den 20. mars 1920 gjorde styret i Landvik Mållag vedtak om å gå i gang med å starte ein bondeheim i Grimstad. I årsmeldinga frå 1919/20 står det at «Me treng ei god mjølkeku skal me greida oss, Med pengar vinn ein langt på veg, og fram lyt me no!» Det vanta ikkje på vyer for den plassen ein bondeheim var tenkt å fylla. I føresegnene som Kristen Stalleland førte i pennen, står det at «Bondeheimen i Grømstad skal vera som ein møtestad for bønder og bygdefolk. (…) God å heimlegt bondestell skal det vera (…) Rjomegraut og annan graut, rjomekolla, lefsekling og flatbraud lyt det jamnast vera aa faa, tenarane i heimen talar landsmaal elder bygdemaal …»

Lokale i bankkjellaren
Mållaget kjøpte Juskestredet 4 til 35 000 kroner i 1920 og dreiv fram til 1976, då huset og innbuet vart selt for 625 000 kroner. Frå nyåret 1984 kom det i stand ei leigeavtale med Aust-Agder Sparebank om lokale i kjellaren på banken og her held Landvik Mållag og mange andre organisasjonar, møta sine i dag.

Trond Sæbø Skarpeteig
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no