Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vælkømin te barne-tv!

 (20.03.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 20.03.03. Norsk Målungdom krev at dialektane skal få sin plass i barne-tv! Barne-tv er avgjerande for born si oppfatning av statusen til ulike talemål. Det er eit problem når dialektane vert ein framandlekam i media.

Diverre er det slik at stemmene i teikne- og dokkefilmar, og skodespelarane i seriar oftast snakkar eit tilnærma normert bokmål. Til dømes i julekalenderserien «Jul i Blåfjell» talar absolutt alle, både menneske, blånissar og raudnissar bokmål.

– Dette er synd, seier Fredrik Gustavsen, leiar i Norsk Målungdom. Noreg er eit land med eit stort dialektmangfald ein ikkje får inntrykk av på fjernsyn, og som ikkje får den plassen dei fortener i barneprogramma.

Å syna dialektmangfaldet er verdifullt for å skapa identitetskjensle hjå dei borna som kjenner att sin eigen dialekt på fjernsyn, samstundes som det er spanande å høyra ein dialekt som for små born kan vera ganske «eksotisk».

– Dersom alle på fjernsyn pratar det same, flate bokmålet, kan borna sitja att med eit inntrykk av at det er den beste og finaste dialekten, og at deira eigen ikkje eignar seg på fjernsynet, påpeikar Fredrik Gustavsen.

For informasjon kontakt: Norsk Målungdom, tlf 22 47 71 16, eller leiar Fredrik Gustavsen på tlf 45 20 52 78.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no