Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Tekst Harry Potter på nynorsk!

 (17.03.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 17.03.03. – Den fjerde Harry Potter-filmen «The Goblet of Fire», bør få nynorsk tekst. Denne filmen har brei appell, og det vil verta eit godt høve til å syna at nynorsk også høver på film, seier Fredrik Gustavsen, leiar i Norsk Målungdom.

– Norsk Målungdom meiner det er diskriminerande at filmar berre vert teksta på bokmål, på grunn av det store talet på nynorskbrukarar i landet som opplever at språket deira ikkje er synleg i størsteparten av medieindustrien, seier Fredrik Gustavsen. Noreg er eit fleirspråkleg land, men tekstinga av utanlandske filmar på kino speglar ikkje dette.

Norsk Målungdom finn det også urettvist at språkmenyen på DVD-filmar ikkje inneheld nynorsk. Vel ein «norsk» på språkmenyen, får ein automatisk bokmål.
– Noreg har to offisielle skriftspråk, slik bør det vera på film òg, påpeikar Gustavsen.

For meir informasjon:
Fredrik Gustavsen, leiar i Norsk Målungdom, telefon 22 47 71 16 (NMU) eller 45 20 52 78.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no