Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiing i Norsk Målungdom

 (17.03.2003)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 17.03.03. Norsk Målungdom hadde sitt 42. landsmøte førre helg på Orkanger i Sør-Trøndelag. Då vart Fredrik Gustavsen vald til ny leiar i Norsk Målungdom.

Fredrik Gustavsen er 19 år og kjem frå Trondheim.
– Det viktigaste er å jobba for meir nynorsk i media, sidemål og for å få inn nynorsken i grunnskulane att, seier Fredrik Gustavsen, nyvald leiar i Norsk Målungdom. Dessutan varslar han kamp for sidemålsordninga i valkampen til hausten, avdi Norsk Målungdom kjemper for å oppretthalde ordninga med obligatorisk sidemål.

Ny nestleiar Unn Catodotter Fyllingsnes er 20 år og kjem frå Eikangervåg i Hordaland. Ho er oppteken av media, og vil jobba for at rikspressa skal byrja å ta i bruk nynorsk på redaksjonell plass.

Resten av sentralstyret ser slik ut: Signhild Samuelsen frå Kristiansand, Eva Marie Mathisen frå Sortland, Lars Asgeir Rottem Krangnes frå Hitra i Sør-Trøndelag, May-Britt Horsås og
Sigbjørn Hjelmbrekke frå Osterøy i Hordaland.

For meir informasjon:
Fredrik Gustavsen, leiar i Norsk Målungdom, tlf 45 20 52 78 eller 22 47 71 16


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no