Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

P5 må reflektera eit kulturelt og språkleg mangfald

 (07.03.2003)

Lesarbrev frå Kringkastingsringen. 07.03.03. Tysdag 4. mars vart radiokonsesjonen for P5 lyst ut. Det er i denne samanheng gledeleg å sjå at kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland legg vekt på at allmennkringkastingsprinsippa også skal gjelda P5.

Sjølv om krava er mindre konkrete enn for «P4-konsesjonen», er det likevel naudsynt for søkjarane å ta omsyn til det kulturelle og språklege mangfaldet som finst i Noreg. Kringkastingsringen tykkjer dette er svært viktig.

Me ser også positivt på kravet om at hovudkontoret for den nye radiokanalen skal liggja utanfor Oslo. Medieinstitusjonane si geografiske plassering har erfaringsvis mykje å seia for kva journalistar som vert rekrutterte. Dette viser igjen både i mål og meiningar. Det kan såleis vera på sin plass å oppmoda søkjarane om å vera litt kreative i val av plassering av hovudkontoret. Kva med Førde eller Tromsø?

Departementet krev at kanalen må produsera eigne nyheits- og aktualitetssendingar og ha ein tydeleg kulturprofil som speglar av mangfaldet i norsk og internasjonalt kulturliv. Desse sendingane må famna smale og breie grupper og ha eit kritisk og fordjupande perspektiv. I tillegg vert det stilt krav om samiske nyheitssendingar. Dette er prinsipp som me kjenner igjen frå andre radio- og tv-kanalar. Det tyder derimot ikkje at krava vert følgt opp i like stor grad overalt. Ofte ser me at billeg og lett tilgjengeleg stoff vert prioritert i staden for det tyngre og meir krevjande stoffet. Kringkastingsringen vil derfor oppmoda søkjarane om å ta krava frå departementet på alvor. Me er særskild opptatt av at nynorsk og ulike dialektar skal vera rimeleg representerte. Dette er problemstillingar som me reknar med at også kulturdepartementet vil ta omsyn til når dei handsamar søknadane.

Unn Aarrestad
Styreleiar i Kringkastingsringen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no