Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skipar nytt yrkesmållag

 (18.02.2003)

Melding. 18.02.03. – Eg har lenge meint at det er litt underleg at det ikkje eksisterer eit yrkesmållag for landbruksakademikarar når juristane, lækjarane og fleire yrkesgrupper har eigne mållag, fortel Inge Bjørdal.


Han tok kontakt med Noregs Mållag om ideen og fekk positiv tilbakemelding på at det var flott at nokon ville starte yrkesmållag for landbruksakademikarar. Oppstartstøtta skulle som vanleg vere 1000 kroner. Slik det er for alle nye lag i Noregs Mållag.

Mobliserer på e-post
– Eg har alliert meg med ein annan målmann, professor Arne O. Skjelvåg ved Institutt for plantefag ved Norges Landbrukshøgskule. No er det med andre ord opp til oss om vi klarer å organisere eit skipingsmøte og få fleire med på dette, fortel Inge Bjørdal. Han meiner det er mange knytt til Ås-miljøet som kan tenkje seg å stø eit slik tiltak, men meiner det er viktig å få ein brei representasjon frå alle delar av landet. Dei har allereie spreidd e-postar til folk over heile landet. Og sjølv om yrkesmållaget vert skipa til på eit stiftingsmøte på Ås med folk frå sentrale austlandsområde, vil laget kunne bli landsdekkjande etterkvart som økonomien er på plass.

Ordbok for landbruksfag
Arbeidsmåla for eit slikt yrkesmållag trur vi vil verte nøye knytte til språk og terminologi i landbruksfaga. I 1979 vart det gitt ut ei Norsk landbruksordbok, men ho er no i ferd med å verte forelda på mange område.
– Vi kunne difor tenkje oss at ei ny utgåve av denne boka kunne vere ei høveleg oppgåve for eit slikt mållag, berre for å nemne eit døme. Det vil elles vere naturleg å arbeide for målsaka i dei yrka og faglege samanhengane vi landbruksakademikarar arbeider i – og det er etter kvart blitt svært mange og ulike nisjar, seier Inge Bjørdal, som lovar at laget vert skipa i løpet av februar 2003.

Les meir om skipingsmøte <a href="http://www.nm.no/side.cfm/1696/40949">her</a>.


Teksten er henta ifrå Norsk Tidend 1/2003.




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no